Mangesyslaren - Vik kommune

Hei,

Eg heiter Ylva Hovland og går i 10. klasse på ABU. Eg har hatt abeidspraksis i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Eg fekk vere med Gro Bremer og Gry Mørk til Vik for å ha eit kulturminnearrangement med 3. og 4. klassingar frå Vik kommune.


Elevane starta med å gå ein runde i standsitjarmiljøet på Øyri. På vandringa der Gro fortalde om mennesker som budde i området før og om strandsitjarmiljøet, tok eg bilder. Gjennom heile dagen veksla eg på å observere, hjelpe til, og vere med på aktivitetane. Eg var med på å forberede sitjeplassar og bord til aktivitetane som me skulle gjennomføre.

Edvin Flåm forklarte og viste fram stoppesoppar, han gav ein stoppesopp til kvar unge som dei skulle pusse og få bruke seinare til å stoppe hull i klede. Vik husflidslag var med å lærte ungane om ull. Dei fekk prøve å karde og spinne ulla. Det gjorde meg veldig glad når eg såg kor engasjerte ungane var. Dei snakka om kor mykje dei gleda seg til dei forskjellige aktivitetane og når dei var i gong så jobba dei veldig bra.

Gro og Gry lagde havregraut til alle som var med. Eg måtte røre i grauten av og til, og det vart ganske tungt etter kvart. Til grauten skulle me ha smør. Då delte me barna opp i grupper, gav kvar gruppe eit syltetøyglas med kremfløte i og ba dei riste på det til dei fekk smør. Ristinga var tungt arbeid, så eg er veldig imponert over kor flinke ungane var. Gro rørte salt inn i smøret og gav kvart bord ei skål med smør. Smøret vart veldig populært, og grauten var ekstremt god!

Gry og Gro hadde planlagt dette veldig bra. Eg fekk inntrykk av at alle fekk lære seg noko nytt og ingen kjeda seg.

Eg synest det er veldig bra at me som ungdommar har sjansen til å kunne ha arbeidspraksis på stadane me ynskjer. Å jobbe i parken har vore lærerikt, og alt trengte ikkje å vere så formelt heile tida heller, men ein har moglegheit til å ha det kjekt på arbeidsplassen og med kollegaer.

Helsing Ylva

infoGro Nesse-Bremer2022