Pressemelding frå Verdsarvrådet

Ny leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

" Verdsarvrådet har som si fremste oppgåve å medvirke til ei utvikling i områda som er i tråd med intensjonen for verdsarv. Rådet skal fremje og sikre samarbeid og samordning mellom dei regionale verdsarvstiftingane samt medverke til naudsynt informasjonsutveksling mellom lokale, regional og nasjonale aktørar i dei to delområda.

Rådet har som målsetjing å være ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfylging av verdsarvstatusen tildelt Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet i fellesskap."

Ordførar i Aurland kommune, Kjell Bøe Bjørgum, vart på konst. rådsmøte den 27. februar d.å. valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2024 – 2025. Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang, vart på same tid valt til nestleiar. Hovudsekretariatet følgjer leiar og vert i same periode lagt til stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Leiar av Verdsarvrådet: Kjell Bøe Bjørgum

Ordførar Aurland kommune

Kontaktinfo: 481 93 628. Epost: kjell.boe.bjorgum@aurland.kommune.no

Kommentar frå Kjell B. Bjørgum:

«Verdsarvrådet skal ta vare på dei unike kvalitetane i verdsarven på vegne av generasjonar. Det er eg trygg på at me saman skal greie på ein god måte. Me skal òg syta for at verdsarven beheld lokal tilslutning. Gjennom aktiv busetnad og eit aktivt næringsliv så kan me oppnå dette. Verdsarven må trass alt opplevast! Å bli vald til leiar for verdsarvrådet er både ærefullt og eit stort ansvar, eg gler meg til å starta samarbeidet med dei mange dyktige partane i dette arbeidet.»

Nestleiar: Einar Arve Nordang

Ordførar Stranda kommune

Kontaktinfo: 464 11 001. Epost: einar.arve.nordang@stranda.kommune.no

Kommentar frå Einar Arve Nordang:

« Å være frå ei verdsarvkommune er stas. At eg er så heldig å få vervet som nestleiar i verdsarvrådet er eit stort ansvar. Vi skal igjennom det arbeidet vi er sett til, sørgje for å forvalte verdsarven for notid og framtid. Vi eig ikkje området rundt oss, vi har det på lån for framtidige generasjonar er noko eg likar å seie. Vi skal sørgje for at bygdene våre skal kunne leve av og med verdsarven. Eg ser fram til arbeidet som ligg føre oss i verdsarvrådet, og takkar for tilliten som er vist oss.»

Kontaktinfo Verdsarvsekretariatet:

Sekretariat Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap/ Sekretariat Nærøyfjordområdet:

Erling Oppheim. Tlf: 95 17 25 95.

Epost: erling@naroyfjorden.no

Postadresse: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland

Sekretariat Geirangerfjordområdet:

Katrin Blomvik Bakken. Tlf: 70 26 38 10 / 95 42 73 90

Epost: katrin@verdsarvfjord.no

Postadresse:

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, 6216 Geiranger.

Nettside Vestnorsk fjordlandskap:

www.vestnorskfjordlandskap.no