Innspel til handlingsplan 2024

Oppstart Handlingsplan 2024.

Parken sin arbeidsutval handsama og godkjende i møte den 27. oktober d.å. køyreplan for arbeidet med Handlingsplan 2024.

Nærøyfjorden Verdsarvpark sin årlege handlings- og tiltaksplan er som kjent eit resultat av ein prosess som involverer partnarane, stiftarane  (kommunane og fylkeskommunen,) parken sitt arbeidsutval og styre samt tilsette i parkorganisasjonen. 

Gjennom dette arbeidet konkretiserer parkorg./ parksamarbeidet prioriterte tiltak og handlingar i samsvar med dei langsiktige og overordna satsingsområda slik dei er omtalt i gjeldande Parkplan:

 -SKAPE NÆRING OG KULTUR.

- TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

- TA VARE PÅ KULTURARV.

I samband med utarbeiding av Handlingsplanen for 2024 vert De no, som tidligare år, invitert til å kome med innspel på satsingar, prosjekt, tiltak, aktivitetar/ arrangement mv. for gjennomføring komande år. 

Nytt vedlagt skjema ved innsending til anten: Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller post@naroyfjorden.no
Skjema-innspel-handlingsplan

Skjema for innspel finn De det og her: http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/

Absolutt siste frist for innsending er sett til torsdag 23. november måndag 2023.  

Utkast til handlingsplan vert etter dette sendt på ei kort høyring til partnarane/ stiftarane  før vidare  handsaming i  Parken sitt arbeidsutval og endeleg godkjenning/vedtak i Parkstyret truleg i byrjinga av januaur 2024.   

Sjå òg gjerne innom nettsida vår  http://www.naroyfjorden.no/styringsdokument/ kor De  finn nærare omtale av både Parkplanen og Handlingsplanen.

Ved evt. spørsmål  ta gjerne kontakt med ein av oss i Parkorganisasjonen."


infoGro Nesse-Bremer2023