Storehaugen opp
Storehaugen opp er eit motbakkeløp som går i Lærdal. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.
Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigonometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, deltakarane vert oppfordra til å ta med drikke.
Løypa er på 3,7 km og har ein gjennomsnittleg stigning på nær 25 %.
Interessante fakta om stadnamna langs løypa:
Langs stølsvegane var det vanleg med stadnamn på ulike plassar ,gjerne utsiktspunkt. Ein del av nama er gamle børakvile, andre namn er knytte til hendingar.
Med start i Sviggum har vi desse stadnamna:
Nedre Seklepp (50m.o.h.): Dette var fyrste plassen dei såg sjøen når dei skulle til støls – difor namnet Seklepp .Se = sjå, klepp =lita høgd.
Gygrefoten /»Jygrefoten»: Fotefar etter ei gyger – ei trollkvinne.
Øvre Seklepp (115 m.o.h)
Harasiglet (235 m.o.h): Namnet er kansje påkome av ein som har vore ute på hålkeføre og «sigla» nedover svåi.
Krokabakkane (430 m.o.h.): Felles merkestein for 9 ulike bruk
Skirset (510 m.o.h.):Gamal vårstøl eller slåtteteig,
Skir = reint., namnet kan kome av at her var den einaste kjelda med reint vatn i åsen.Kjelda er ikkje halden ved like,og vatnet er ikkje drikkandes lenger.Skirset er ca halveges på løpstraseen og her er det drikkestasjon.
Svinakleivi (700m.o.h): Grisane måtte og vera med til støls i gamle dagar. Kanskje gjekk det gale med ein gris her ein gong?
Vetlehaugen (750 m.o.h)
Halvfardekkene (770 m.o.h.): Namnet tyder på at du er halveges til støls. Dyra skulle kvile og eta her.
Kattuglegalden (850 m.o.h.): Kattuglegjelet er rett nedunder her.Det er bratt og trongt – uframkomeleg for folk.Fin utsikt oppover dalen rett nedunder galden.
Storehaugen(908 m.o.h.): Flott utsiktspunkt – sjå Lærdal frå lufta! Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider.
Mål for Storehaugen Opp
Informasjon er henta frå heimesida til Storehaugen Opp, du kan òg lesa meir om løpet der.