Verdsarvsentermidlar på statsbudsjettet!
Utsnitt frå utstillinga “Vår verdensarv” som står i Heradshuset på Aurlandsvangen.
I dag er me både glade og stolte - arbeidet med å bli autorisert besøkssenter for verdsarv er eit viktig steg vidare. Det er sett av midlar på statsbudsjettet, noko som betyr at me no vil få høve til å søke om autorisasjon.
Mange gode krefter har jobba godt saman for å kunne få dette til, og etableringa av den nasjonale utstillinga “Vår verdensarv” var viktig i denne prosessen. No har me fått endå meir motivasjon til å jobbe vidare for å kunne lage eit flott besøkssenter slik at me kan formidle verdsarvverdiane til endå fleire!
Det har vore eit mål for styresmaktene at alle verdsarvområda i Noreg skal ha eit autorisert besøkssenter. I dag har dei to siste områda fått løyvd midlar, og det er altså oss, delområde Nærøyfjorden i Vestnorsk fjordlandskap, og Bryggen i Bergen. Me nyttar høve til å gratulere kollegaene våre i Bergen også.