Tilskotsordningar for 2019

verdsarvtur2.jpg

Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rekkje tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. 

For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse klima- og miljøutfordringane. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ulike tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå desse. 

Rundskrivet omtalar kriterium for tildeling, krav til søknaden, søknadsfristar o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Sametinget eller Miljødirektoratet.

Her finn du informasjon om dei ulike ordningane:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/tilskotsordningar-for-2019/id2617955/

Les om våre partnarar