Studietur til Fjordkysten Regional- og Geopark

Verdsarvparken har vore på studietur til Fjordkysten Regional- og Geopark sist veke.

Dag 1 fekk vi besøke episenteret til Fjordkystparken i Hyllestad. Vi fekk omvisning i Kvernsteinparken i Hyllestad av engasjerte Alexander Rauboti. Han formidla om korleis forekomsten av granatglimmerskifer i området, har resultert i eksport av estimert 1 million kvernstein til heile nordlige Europa. Kven hadde trudd at kvernstein kunne vere so spennande?

Turen gjekk so vidare til Indrefjord Gard, der Ole og Ina Sognnes tok imot oss og gav eit innblikk i deira drift med Ung i Park saman med Fjordkystparken.

Dag 2 starta med besøk på Lillingstonheimen, der vi fekk sjå det pågåande restaureringsarbeidet av Ove Losnegård og høyre historia til huset. Vidare gjekk turen til Jensbua Kystkultursenter, der vi lærte meir om restaurering og nytte det fine solskinet ved fjorden.

Lunsjen tok vi hos Leonards Forlaavelse i vakre omgjevnader – med herlege ostar, spekemat og pai på bordet. Etterpå gjekk turen til kystkulturminnet Nilsbua. Hit må vi definitivt tilbake i sommar!

Vi køyrde vidare til Dale og Jakob Sande-senter for forteljekunst. Her fekk vi høyre om spennande prosjekt på senteret av Rakel. Vi møtte også Espen, geologen i Fjordkystparken, som fortalde om geologien i området – og korleis han heng saman med geologien i Nærøyfjorden.

Ferjeturen gjekk vidare til Solund. Vel framme i Hardbakke vart vi møtte av ein flokk villsauer som beita like ved sentrum. På kvelden fekk vi ei innføring i Kystkulturakademiet og Ung i Park.

Dag 3 starta med besøk i åsen bak Solund idrettsplass, der det er lagt til rette for frisbeegolfbane og tursti i retning dagsturhytta Sognesjøhytta i Solund. Her fekk vi ei innføring i det viktige arbeidet til Lyngbrennarlaget og Villsaulaget i Solund for å ta vare på kystlyngheia.

Vi besøkte kystarboretet og eit grindbygg som er etablert i turområdet til felles bruk. Dette var svært interessant, og gjengen fekk òg besøk av sola i dei vakre omgjevnadene. Maiken måtte sjølvsagt òg studere den kule bergarten konglomerat som Solund består av.

Turen vart avslutta på Fjordkystparken sitt episenter på kaia i Hardbakke. Her er det etablert kaféutsal og informasjonspunkt om Fjordkystparken.

Tusen takk for tre fine og lærerike dagar i Solund

Neste
Neste

Parkmøte 2026