Oppsummering tur i Aurlandsdalen sundag 23. august

Sundag 23. august gjekk nærare 20 deltakarar ned Aurlandsdalen i lag med geolog Maiken og botanikar Jakub – i strålande solskin!

Undervegs vart det formidla om bergartane, korleis istider og vatn har forma dalen, jettegryter og massehendingar. Lagrekkja av bergartar vart introdusert som ein «cheeseburger», til stor latter i gruppa.

Botanikar Jakub presenterte eit godt utval artar og korleis dei er tilpassa dei ulike habitata. Han gav òg døme på artar som er «generalistar», og som finst i fleire ulike delar av dalen.

Deltakarane stilte gode spørsmål, og gruppa fekk nyte sola i Aurlandsdalen på ein av dei siste sommardagane.

Ein stor takk til Aurland Turlag, som stilte opp som gode hjelparar på turen.

Takk for turen!

Forrige
Forrige

Breovervaking i Vestnorsk fjordlandskap

Neste
Neste

Stølsfagdagar 23. og 31. august i Voss Herad