Tilskotsbrev - lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK)

Aurlandsdalen

I dag må me dele ei gladsak med dykk: 

Det vart søkt om tilskot frå fylkeskommunen til prosjektet "trygg og kvalitativ ferdsel i Aurlandsdalen" . Føremålet med prosjektet er å sørge for tryggast mogleg og kvalitativ framkomst for den breie brukargruppa som nyttar seg av dalen.

Hovudutvalet for næring og kultur gjorde i møte den 07.03.2017 i H N K - sak 19/17 følgjande vedtak: "Nærøyfjorden verdsarvpark får kr 78 900,- i støtte til trygg og kvalitativ ferdsel i Aurlandsdalen."

Dette synst me er skikkeleg flott og me gler oss til å kunne nyte den flotte dalen på tryggare stiar - HURRA!

 

Gro Nesse-Bremer