Bli med på ein guida tur rundt Stalheim med fotograf Gunnar Bergo og få ein introduksjon til fotografi av natur og kultur i Nærøydalen!
Området rundt Stalheim har i mange år vore nytta til naturfotografering og som motiv i kjende måleri. Stupande fossar, høge fjell og den spektakulære Stalheimskleiva har i lang tid fanga merksemda til fotografar og kunstnarar.
Årets verdsarvtur i Voss herad blir arrangert på Stalheim, der temaet for turen er introduksjon til fotografering av natur og kultur i verdsarvområdet. Frå Stalheim har ein eit vakkert utsyn ned i Nærøydalen, der mellom anna Jordalsnuten har vore utgangspunktet for det kjende måleriet «FraStalheim» av J. C. Dahl. Gunnar Bergo, ein kjend naturfotograf frå området, vil på turen dela tips og triks om korleis ein kan fange stemninga i landskapet.
Turen startar med oppmøte på Stalheim. Me tek turen ned Stalheimskleiva, der me får storslått utsyn over fossane. Turen går innom ulike kjende utsiktspunkt, der me arbeider med fotografering og med korleis ein kan fange magien i Nærøydalen. Me brukar Stalheim hotell som base, der det blir høve til å kjøpe lunsj eller trekke innandørs dersom vêret legg til rette for regntunge og stemningsfulle bilete.
KONTAKTPERSON OG PÅMELDING
Lurer du på noko eller ynskjer du å melda deg sjølv eller fleire på turen?
Ta kontakt med:Maiken Minde –tlf. 45060131
Mail: maiken.minde@verdsarvparken.no
Pris: 300 kr vaksen, 150 kr ungdom
Vipps til #107632 Nærøyfjorden verdsarvpark, merk betaling med namn og tur.
PRAKTISK INFO
Oppmøte: Parkeringa på Stalheim kl. 11
Varigheit: ca. 5 timar inkl. pausar. Middels krevandetur
Ta med: Nistepakke, varm og kald drikke, sitjeunderlag
Skotøy: Tursko, turen går på veg og stiar
Utstyr: Ta med ønskeleg kamerautstyr. Både kamera og mobil er OK.