Tilbake til alle arrangementer

Utstillingsopning "Vår verdensarv"

  • Nærøyfjorden verdsarvpark Heradshuset Aurlandsvangen, Vestland, Norway (kart)

Fredag 8.mai kl 1300 ynskjer me hjarteleg velkomen til staseleg opning av utstillinga «Vår verdsarv» i Heradshuset i Aurland.

 Me har fått på plass den nasjonale utstillinga som alle verdsarvområda i Noreg har fått tilbod om. Mange timar intenst arbeid frå ufatteleg mange menneske ligg bak dette resultatet.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er stolte over å no kunne invitere deg inn i ei slik flott utstilling, og vonar at du vil vere med å feire oss og alle dei gode hjelparane våre!

Programmet:

Velkomen v/ Gro Nesse-Bremer

Sang v/elevar frå ABU

Ordførar Kjell Bøe Bjørgum – tale

Dagleg leiar NVP Gry B.Mørk – tale

Sang v/elevar frå ABU

Ass. Riksantikvar Audun Skeidsvoll – tale og snorklipping

Utstillinga er open for publikum

Servering av kake, kaffi m.m.

Hjarteleg velkomne alle saman!

 

Forrige
Forrige
7. mai

Foredrag med Oscar Puschmann - Landskap i endring