Tilbake til alle arrangementer

Guida tur om geologien og botanikken i Aurlandsdalen

  • Busstopp i Vassbygdi Vassbygdi Aurland, Vestland, 5745 Norway (kart)

Har du nokon gong vandra i Aurlandsdalen og undra deg over bergartane og alt som veks i dalen?

Geolog Maiken frå Verdsarvparken og botanikar Jakub inviterer til guida tur gjennom Aurlandsdalen sundag 23. august, der du får svar på nettopp dette!

På turen får du ei innføring i bergartane, korleis dalen er forma av is og vatn, jettegryter, botanikken og korleis plantelivet endrar seg i takt med berggrunnen. Vi ser òg på massehendingar som vitnar om eit dynamisk landskap, og på artar som er særmerkte for dalen.

Det vert gode høve til å stille spørsmål, og du er garantert ny kunnskap undervegs. Dette er ikkje ein tur for deg som vil setje fartsrekord ned dalen, men for deg som er nysgjerrig og ønskjer å ta deg god tid.

Vi håpar du vil vere med!

Praktisk informasjon:

Tema: Geologien og botanikken i Aurlandsdalen

Ta med: Rikeleg med niste, gode tursko, sitjeunderlag og klede etter vêret.

Turen vert gjennomført på både norsk og engelsk. Vi hjelper til med omsetjing undervegs dersom noko er vanskeleg å forstå.

Turen er om lag 18 km lang, med kring 1100 høgdemeter nedstiging og 300 høgdemeter stiging. Dette er ein krevjande tur som passar for fjellvande deltakarar.

Vi reknar med å bruke 9–10 timar, inkludert mange stopp knytte til formidling og nokre lengre pausar for lunsj.

Tal på plassar: 15

Turen er gratis å delta på, men kvar deltakar må sjølv betale bussbillett til Østerbø.

Transport:

Vi nyttar bussrute 850 med avgang frå Flåm kl. 08.15, Aurland kl. 08.25 og Vassbygdi kl. 08.45. Bussen tek oss til Østerbø, der turen startar.

Returbussen går frå Vassbygdi til Flåm kl. 19.00 for dei som ikkje nyttar eigen bil. Dersom du ønskjer å organisere transporten sjølv, er oppmøte på Østerbø kl. 09.15.

Påmelding med navn til Maiken på maiken@verdsarvparken.no eller SMS til 45060131.

Forrige
Forrige
9. mai

Foredrag med Oscar Puschmann

Neste
Neste
12. september

GEOLOGIENS DAG 2026 - JORDSKORPA I RØRSLE