Tilbake til alle arrangementer

"Frå stølsveg til tursti?" Guida tur i Fresvikåsen - om endringar i bruken av eit landskap

Bli med på tur i flotte Fresvikåsen, strekninga Skard - Lægdaskard - Fysseholten/Trollgislholten!

Fresvikåsen har med sine store natur- og kulturverdiar vore høgt skatta og mykje nytta av busette og drivarar i området gjennom generasjonar.
Området har med tida blitt meir og meir populært som turmål for mange, ikkje minst reisande frå inn- og utland. Endringar i bruk av eit landskap medfører ofte utfordringar for både landskap, dyre- og fugleliv, og for folka i området, og til konfliktar. På turen vil me reflektere rundt desse utfordringane og moglege løysingar. Historia, natur- og kulturverdiane, utviklinga av området til eit turmål, endringar i turområdet i dag, m.m. blir og tema.

Turen startar frå Skard, der me første delen føl ein gamal stølsveg. Me går i jamn stigning gjennom skogen og opp i snaufjellet, til det tradisjonelle turmålet Lægdaskard. Herifrå har me flott utsyn mot Sognefjorden, Fimreiteåsen og dei mektige Hurrungane. Vidare føl me ein fotsti ned til eit anna turmål, den for lengst nedlagde stølen på Fysseholten / Trollgislholten. Her unner me oss ein tur ut på utsiktsplassen over Aurlandsfjorden og fjordmøtet med Sognefjorden. Heimturen går ned gjennom fin furuskog tilbake til Skard.

Guide på turen er biolog Siri Wølneberg Bøthun.

PRAKTISK INFO
Varigheit ca. 5 timar inkl. pausar
Høgdeskilnad ca. 320 m.
Ta med nistepakke, varm og kald drikke, sitjeunderlag
Skotøy Stødige tursko/ fjellsko. Turen går på god sti, men har nokre bratte parti som kan bli glatte i vått vær.
Pris Gratis for alle

PÅMELDINGSFRIST
mandag 16. juni

KONTAKTPERSON
Maiken Minde– tlf. 45060131, mail: maiken.minde@verdsarvparken.no

ARRANGØRAR
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Vik Turlag
Sogn Friluftsråd

Forrige
Forrige
1. juni

Guida tur til Hausen - Bleia Naturreservat