Geiter på Tufto (Magnhild Aspevik)
Korleis skal me lukkast med å driva matproduksjon, og samtidig ta imot besøk av reisande til våre bygder?
Samlinga startar med gardsbesøk på Tufto gard kl 12.00. Her er det geitehold med mjølkeproduksjon og utleigehytter og campingplass. https://tuftogard.no/
Ca klokka 13.00 vert det servering av lunsj og framhald av programmet på Gudvangen Hotell
Desse kjem:
Olav og Liv-Karin Stalheim, bonde og turistvert
Solveig Kvakestad, Steinbergdalen turisthytte og SAKTE - bruk av lokal produsert mat og lokale råvarer frå naturen vår
Stefan Karlstrøm, byggesakshandsamar i Aurland og Lærdal - «Harde fakta» - kva seier lovverket om reiselivsverksemd på landbrukseigedomar
Kjell Bøe Bjørgum - erfaringar og tankar frå ordføraren i reiselivskommunen Aurland
Landbrukssjef Magnhild Aspevik
Håpar du og kjem!
Atterhald om endring i programmet.
Servering av lunsj, kaffi og kaker. Gje beskjed om eventuelle matallergiar.
Påmelding innan 24. august til beate.stolen@laerdal.kommune.no