Aurland barne- og ungdomsskule (ABU)

 

Aurland barne- og ungdomsskule har om lag 150 – 160 elevar frå 1. til 10.klasse. Me er einaste ungdomsskulen i kommunen.

Skulen vektlegg varierte arbeidsmåtar. Me har ein godt gjennomarbeidd entreprenørskapsplan, Levande skule.  Eit av hovudmåla er at elevane skal utvikla lokal identitet og vera med på å gi kommunen ei berekraftig utvikling. Gjennom planen vert elevane kjende med bygdene, fjordane, dalføra og fjellområda i kommunen vår gjennom eigne opplevingar.

Dei mest kjende turane er ein del av pensum, togtur og fottur i Flåmsdalen, fottur frå Finse gjennom Aurlandsdalen til Vassbygdi, sykkeltur på Rallarvegen, båttur på Nærøyfjorden og vandretur frå Bleiklindi til Styvi.

Rett over vegen for skulen ligg Sogn – jord og hagebruksskule (Sjh). Frå elevane startar i 1.klasse, er dei jamleg på gardsbesøk.

I 6.klasse er elevane på leirskule i Dyrdal der dei nyttar det gamle skulehuset til innkvartering. Då bur dei midt i verdsarven.

Skulen er heilt avhengig av lokalsamfunnet for å halda oppe denne aktiviteten. Samarbeidet med Sjh er alt nemnt. Me samarbeider også med Nærøyfjorden Verdsarvpark, Aurland sparebank, Eco Vannkraft og Aurland fjellstyre i tillegg til mange andre lokale bedrifter som støttar oss på ulike måtar.   

Les om våre partnarar