Amlabukti Grendalag

Amlabukti grendalag

Amlabukti Grendalag er eit grendelag for området rundt Amlabukti i Sogndal kommune. Området omfattar m.a.  grendene Øvre og Nedre Amla og «gamle Kaupanger» (Kaupanger Hovedgaard,  Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger ferjekai). 

Grendelaget sitt føremål er å arbeida for fellesinteresser i området , både fysisk, kulturelt, økonomisk og sosialt.

Mellom anna vil me hindre og få slutt på miljøforureining på alle plan, slik at det framleis blir trivelig å bu og leva her. 

Grendelaget er eit samarbeidsorgan /felles talerøyr i saker som angår grendelaget sine medlemer når ein vender seg til kommunen og andre offentlege og private instansar.

I 2008 – 2010 deltok vi Fylkesmannen sitt bygdeutviklingsprogram. Ei god koordinering av kommunal planlegging, offentlege tilskotsordningar og ein stor dugnadsinnsats (i samarbeid med andre lokale organisasjonar) har m.a. ført til ei “oppshining” av ferjekaien og området rundt. 

Les om våre partnarar