Vellykka teknisk prøvetur for D/S Stavenes

Ein historisk dag for D/S “Stavenes” og Veteranskibslaget Stavenes!

For første gang sidan “Stavenes” for 63 år sidan vart bygd om frå damp til motordrift, 25 lange år etter at båten vart henta heim frå England for restaurering og etter å ha brukt over 20 mill kroner gjekk “Stavenes” teknisk prøvetur på Byfjorden torsdag 15.desember.

Alt gjekk over all forventning, og alt fungerte godt - både maskin og styring.

Etter denne milepælen gjenstår noko stålarbeid før innreiing av salongar og lugarar kan ta til.

På bilete møter D/S “Stavenes” expressbåten M/S “Njord”, som om somrane er å sjå i turistruta Bergen - Flåm.

Skipper på prøveturen til “Stavenes”, Atle Raubotn, har i fleire år vore skippar på “Njord”.

Møte mellom D/S Stavenes og Njord 

Gro Nesse-Bremer