Gladmelding frå Flåm skule!

Overraskande gåve frå stiftinga Geirangerfjorden Verdensarv

Du hugsar vel Gaute Gneis, Kari Kvarts, Gloria Glimmer og alle dei andre venene vi vart kjende med i Fjordheimen? Du hugsar sikkert den spanande boka "Gaute Gneis får eit oppdrag" som seinare vart til teater hjå oss? Tenk vi har fått som gåve fleire bøker om Gaute Gneis!

Boka om Gaute Gneis er skriven av Merete Løvoll Rønneberg og illustrert av Berit Barlaup - ei bok som fenga både elevar og tilsette frå første stund. Vi levde oss inn i Fjordheimen og møte med dei ulike som levde der. Det enda med at vi vart meir eller mindre "steingalne" alle som ein. Og alt vi lærte - du vil ikkje tru det, nesten. Dette måtte bli manus til årets teater i 2014. Vi var til og med så heldige at forfattar Merete tok turen til Flåm. Ho hadde med seg Gaute Gneis-sakkosekkar som gåve - til stor glede for elevane. Merete likte teateret så godt at ho var med oss på to førestillingar.

Heilt overraskande dukka det her om dagen opp fleire bøker om Gaute Gneis som gåve til oss på Flåm skule. Tusen takk til stiftinga Geirangerfjorden verdensarv for den flotte gåva!

Bak på boka om Gaute og venene hans står det at dette er den første boka om fantasiriket Fjordheimen, som eigentleg er det same som verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap og som også vi er ein del av i vår kommune. Merete lova at vi skulle få høyre meir om folket i Fjordheimen, og at forfattarplanane om bok nummer to alt var begynt å forme seg. Vi gledar oss!

Les om våre partnarar