Søk om "Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar i landbruket"

Midlane skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, økologisk landbruk, og utvikling av landbruksbaserte næringar som til dømes lokalmat og Inn på tunet. Søknadsfrist 1. april.

Aktuelle søkjarar er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan/nettverk, hovudsakleg innan landbruket.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forvaltar midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak og har fått tildelt 3,8 mill. for 2017. Det er ein reduksjon på 1 million. Ein del av midlane er bunde opp til fleirårige prosjekt.

Døme på tiltak der desse midlane kan nyttast:

  • Matproduksjon: mobilisering og rådgjeving mot bønder for omstilling og nyskaping i det tradisjonelle jordbruket
  • Økologisk landbruk: økologisk kjøt fram til forbrukar
  • Skog og bioenergi: områdeplanar for skogsvegar
  • Bygdenæringar: mobilisering og rådgjeving mot kjøparar og tilbydarar for Inn på tunet
  • Lokalmat: nettverk av bedrifter som ynskjer å gjere ei kartlegging/utgreiing

Vi oppmodar om at de brukar det elektroniske søknadsskjemaet.

Søknadsfrist er 1. april 2017.

 

Foto: Aud Slettehaug

Foto: Aud Slettehaug

  •  
Les om våre partnarar