Forvaltningstiltak i kulturlandskapsområde - søk om tilskot!

Her kan du søka om tilskot til forvaltningstiltak i verdifulle kulturlandskap som er prioritert i Nasjonal registrering. Dei områda som det kan søkast om tilskot til står på denne lista. Utvalgte kulturlandskap i jordbruket har ein eigen tilskotsordning og er ikkje inkludert i lista.

Målet for ordningen: Sikre god forvaltning av naturverdiane i kulturlandskap med høge verdiar knytta til naturmangfold.

Desse kan søke: Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreininger på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Tiltak som kan få tilskot: Skjøtsel eller restaurering med sikte på å gjenopprette eller oppretthalde naturverdiane, bekjempelse av framande organismar, gjerding, informasjon og tilpassa driftsform i jordbruket.

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, vil bli prioritert. Der det er mogleg, bør tiltaka sam-finansierast med tilskot til miljøtiltak i landbruket.

Søknaden blir tilgjengeleg elektronisk ved å logge inn hvis du allereie har ein brukar, eller registrere deg som ny bruker

For spørsmål som gjeld utfylling av søknaden kontakt Fylkesmannen i ditt fylke.

Frist for å sende inn søknad: 20. mars 2017.

Les om våre partnarar