Revisjon av parkplanen

Nærøyfjorden Foto: Katrin Moe

Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt viktigaste styringsdokument, Parkplanen, vart sist oppdatert i 2014: No har Verdsarvparken sett i gong ein prosess for å fornye planen.

Ein prosjektplan for prosessen vart godkjend av styret for Nærøyfjorden Verdsarvpark i styremøte 23.06.2023. Her vart det og bestemt at styret si arbeidsgruppe, som består av 3 styremedlemmar inkl. leiar, skal være prosjektet si styringsgruppe.

Arbeidet vil gå gjennom 3 fasar, der det vert lagt til rette for medverknad frå stiftarar, partnarar og samarbeidspartnarar i alle fasane. Prosessen er tenkt gjennomført frå sommaren 2023 til våren 2024. Det er eit mål å få eit vedtak av ny plan i løpet av april månad.

Kvar og ein er velkomen til å kome med spørsmål og innspel direkte til parkleiinga eller til prosjektleiar undervegs. Me håpar så mange som mogleg vil engasjere seg, slik at me får eit tidsriktig og godt styringsdokument i åra framover.

 Her kan du lese meir om revisjon av parkplanen og halde deg oppdatert på arbeidet.