Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane. Det storslåtte landskapet har trollbunde besøkande til alle tider. Av mange er fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Lokale handverkstradisjonar og lokale råvarer som vert foredla her er verdiskaping av finaste sort.

Nærøyfjordområdet omfattar seks verneområde, kvart med sine unike kvalitetar: Nærøyfjorden landskapsvernområde, Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, Bleia naturreservat, Grånosmyrane naturreservat, Nordheimsdalen naturreservat og Geitnosi naturreservat.

Verdsarven er den kultur- og naturarven som blir rekna for å ha unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. Stadane på verdsarvlista er valt ut fordi dei har ein spesiell kulturell eller naturhistorisk betydning for menneskeheita. Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er det fyrste verdsarvområdet i Noreg som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste med grunnlag i naturarven.

UNESCO

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen sitt mål er å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid på desse områda.

UNESCO vart oppretta 16. november 1945, og Noreg vart medlem i 1946. UNESCO arbeider for å skape dialog basert på respekt for felles verdiar og verdigheit for alle kulturar i verda.