Foreninga Lærdalsmarknaden

Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer no tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og nykommar Julemarknaden (nest siste helga i november). Men våre røter som ein historisk marknadsplass er lang! Lærdalsøyri avløyste den mellomalderske «Lusakaupangen» (i Kaupanger) som marknadsplass i Indre Sogn. Når veit me ikkje heilt sikkert, men i alle fall var det marknad her på 1500-talet. For i 1596 ser me at det kjem eit påbod om at marknaden skulle vara i åtte dagar og byrja åtte dagar «etter mikkeli» (Mikkelsmesse, 29. september). Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. 

 

Lærdalsmarknaden i si opphavelege form tok slutt ved kongebrev av 20.april 1876, men i 1982 tok lokale eldsjeler og frivillige lag i Lærdal oppatt den eldgamle marknadstradisjonen. Marknaden er framleis ein friluftsmarknad midt i det gamle trehusmiljøet som Lærdalsøyri er så heldig å ha bevart. Vareutval og framkomstmiddel har nok endra seg, men framleis er varebyte, underhaldning og møtet mellom folk kjernen i marknadene våre. Årleg reknar me med at kring 25.000 personar opplever ein eller fleire av våre tre årlege marknadsarrangement - frå Sogn, Valdres, Hallingdal, Voss og Hardanger...og også stadig fleire bergensarar oppdagar at det er verd å ta turen inn til vakre og fruktbare Lærdal.

Vil du delta som gjest eller seljar, så finn du meir informasjon om oss på nettsida vår.

(foto: J.C.Jerving, Jon E Tamnes og Hanne Stedje, Sogn avis):

Les om våre partnarar