Erna Underdal Skarsbø

 

Erna Underdal Skarsbø er fjerde generasjons bonde og osteprodusent ved familegarden Underdal. Ho har som mål å ta vare på tradisjonen og kunsten med osteproduksjon, og å vera ein tradisjonsberar av kunnskapen Erna lærde av mora Lovise Underdal. Lovise lærde kunsten av ei gamal budeie i Arnafjorden på 1930-talet, som fekk gullmedalje for osten sin.

Garden har produsert den tradisjonelle Underdalsosten uavbrote igjennom desse fira generasjonane. Osteproduksjonen er basert på mjølk frå om lag 80 geiter. Erna lagar og sel brimost, som vert framleis produsert på tradisjonelt vist på stølen på Langhuso. På stølen kan Erna ta imot gjester som ynskjer å smake, kjøpe eller høyre om historie til garden og om stølslivet.

Brimosten frå Sogn har òg fått Slow Food presidia. 

Les om våre partnarar