Venner av Aurlandsdalen får Riksantikvaren sin kulturminnepris 2022!

Sigrid Sønnerheim Tønnesen og Gry Lie Roberts tek imot prisen på vegne av Venner av Aurlandsdalen

Kvart år blir Riksantikvaren sin kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Kulturminneprisen i 2022 går til dugnadsgjengen Venner av Aurlandsdalen.

Juryen si grunngjeving:

Venner av Aurlandsdalen er ei aktiv og dedikert dugnadsgruppe som tek vare på ei viktig historisk ferdselsåre. I mange år har dei frivillige arbeidt med vedlikehald av kulturlandskapet. Landskapet i dalen er i stadig rørsle og det krev årleg innsats av dei frivillige for halde stien open for dei mange tusen gjestane som kjem kvart år.

Vennene er mange, her er også eldsjeler frå andre stader i Noreg med, i tillegg til folk med røter i dalen og andre som er bergtekne av Aurlandsdalen.

Innsatsen til Venner av Aurlandsdalen gjer vandringa gjennom Aurlandsdalen til ei av dei flottaste natur- og kulturopplevingane i Noreg!

Frivilligheitsåret 2022 skal feire Noregs viktigaste lagarbeid. Med årets tildeling ynskjer juryen å setje fokus på og heidre den frivillige innsatsen i kulturmiljøvernet. Venner av Aurlandsdalen er eit framifrå døme på dette.

Riksantikvaren sin kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for: - bevaring og/eller restaurering av kulturminne - formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt - bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Her kan du sjå film

Me gratulerer så mykje til Venner av Aurlandsdalen!

infoGro Nesse-Bremer2022