Den europeiske parkdagen!

Om årets tema 

Gjennom årets tema ynskjer ein å auke bevisstheita om ansvaret me har for å bevara natur- og kulturarven vår for framtidige generasjonar.   #EuropeanDayofParks #EDoP2023

Geologidag i Lærdal

Nærøyfjorden verdsarvpark har saman med 2.trinn på Lærdalsøyri skule hatt geologidag. Dei har vandra langs elva og lært korleis landskapet har blitt forma av dei frie naturkreftene som omgir oss. Gry har fortalt om isbrear, ras og om vatnet i elvane og fossane. Dei har også lært kva som kjenneteiknar dalar og lærte korleis U-dalar og V-dalar vert danna.

Gry hadde med seg ein modell av ein isbre. Elevane fekk lære korleis breen har forma landskapet, og har ved å få bruke “mini-isbrear” fått prøvd å lage skuringsstriper på skifer.

Saman har dei studert fjellsidene rundt seg, og sett etter spor frå skred og steinsprang. Dei har snakka om korleis ein ser at eit skred er nytt eller gamalt. Dei fann at det i Lærdal er MANGE spor etter skred og steinsprang. Elevane fortalde også om sine eigne erfaringar: fleire har sett både steinsprang og skred.

Dei fekk lære om krafta som finst i flaumstore elvar, og korleis dei formar landskapet.

Dei avslutta dagen med å lage sin eigen modell av ein dal. Då måtte dei bruke alt dei hadde lært av Gry, og alt dei hadde sett rundt seg i løpet av dagen. Dette synst dei var veldig kjekt - tida gjekk fort medan dei forma dalane sine!