Besøksbidrag

Bakka i Nærøyfjorden (foto: GNB)

Det er med glede me les pressemeldinga frå NFD. Der står det at næringsminister Jan Christian Vestre under eit besøk i Lofoten opnar opp for besøksbidrag som pilotprosjekt. Sjølv om meldinga har fokus på Lofoten, er og verdsarvfjordane omtalt som eit av fleire moglege pilotområde.

Dette er veldig positivt og eit viktig signal frå regjeringa; noko me gjennom  prosjektet fellesgodefinansiering har arbeid for sidan 2018.

«Det er viktig - dette er eit lokalt forankra besøksbidrag til direkte utvikling av små, sårbare lokalsamfunn til glede for tilreisande og fastbuande», seier prosjektleiar Ståle Brandshaug. Han har i mange år arbeidd saman med ulike destinasjonar for å finne gode løysingar for eit slikt bidrag.

Me er små bygder med store besøkstal. For å gje alle ei god oppleving, både me som bur her og dei som kjem på besøk til oss, er det viktig å legge til rette ein god infrastruktur slik at det er kjekt å vere her. Eit besøksbidrag kan vere ei god hjelp til å finansiere slike løysingar.

Enno er ikkje noko bestemt. Det er mange avklaringar som må på plass. Men, i dag tek me med oss dei positive signala frå næringsministaren, og vonar arbeidet vil ha god framdrift!

 Pressemeldinga frå NFD kan du lese her

infoGro Nesse-Bremer2023