Tilbake til alle arrangementer

Kulturhistorisk vandring på Bakka

  • Bakka Nærøyfjorden Aurland kommune Norway (kart)

Vi markerer Kulturminnedagane 2023!

Her får du moglegheita til vere med dei som kjenner Bakka best og lære om busetnads- og gardshistorie, om husmenn og endringar i landbruket opp gjennom hundreåra og fram til i dag.

Vi går først ein runde med gardbrukar Svein Tufte frå Borgen Gard, gjennom dei bratte bøane over garden hans og nedom strandsitjarmiljøet ved fjorden. Så tek vi ein stopp i tunet til Dyrdal Gard og Camping, der Olav Magne og Katrine Dyrdal møter oss, og vi får høve til å sjå det eldgamle eldhuset på garden. Vandringa blir avslutta med besøk i kyrkja frå 1859.

Grenda Bakka ligg i ein majestetisk og kraftfull natur, verna som landskapsvernområde og på verdsarvlista til UNESCO som blant dei viktigaste naturområda i verda. Dette får du og høyre meir om denne dagen. Det blir høve til å kjøpe kaffi/ te og noko å bite i, elles er turen gratis.

PRAKTISK INFO:

Vanskegrad: lett

Oppmøte: skulehuset

Parkering på: tilrettelagte p-plassar

Kan ha med: vasstett skotøy

Kontaktinformasjon:

Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no

Tidligere arrangement: 8. juli
Gratis kurs i vindaugsrestaurering
Senere arrangement: 9. september
Kurs i bygging av naturleikeplass