Verdsarvverdiane

På Verdsarvlista finn ein bygningar og område rundt om i heile verda. Alle har fått statusen fordi dei vert rekna som unike og viktige objekt som skal passast ekstra godt på fordi dei kvar med sine særtrekk representerer universelle verdiar som er så viktige at alle forpliktar seg til å ta ekstra godt vare på dei.

Vestnorsk fjordlandskap er på lista som naturarv. Dei to delområda vert rekna for å vere framifrå døme på fjordlandskap, og for å vere landskap som framleis er i endring, med levande geologiske prosessar. Det betyr at landskapet her framleis blir forma og er i endring. Ein ekstra dimensjon med dette verdsarvområdet er kulturlandskapet, spor etter levd liv, og at det faktisk bur folk her no også!