Bygdanytt frå Fresvik

Fresvik er ei vakker, lita bygd i Vik kommune, og ligg på sørsida av Sognefjorden.

I Fresvik  bur det omlag 270 menneske. Det er eit fleirtal av eldre i Fresvik, og fødselstala dei siste åra har diverre vore låge. Heldigvis har bygda opplevd tilflytting, særleg av menneske med andre nasjonalitetar.  Det har vorte arrangert ein framtidsverkstad, kor ein opplevde stort oppmøte. Ein ser ein gryande tilflyttingsauke, og truleg vil dette få ein dominoeffekt, og fråflyttingstrenden kan snuast.

Fresvik er ei jordbruksbygd. Dei fleste gardane har husdyrhald, ofte i kombinasjon med frukt- og bærdyrking, medan nokre få gardar no satsar fult på bær- og fruktdyrking. I 1976 fekk bygda veg til Vangsnes, og i 1980 vart Fresvik Produkt etablert. Dette er no den største arbeidsplassen i bygda, med rundt 50 tilsette. Fresvik Bygdeheim er òg ein viktig arbeidsplass. I Fresvik har dei både barnehage og skule.

Om sommaren livnar bygda til. I tillegg til mange sommararbeidarar, kjem det både norske og utanlandske turistar til bygda. Det er særleg den vakre naturen som lokkar. Høge fjell omkransar bygda på tre kantar, eit fantastisk turterreng både sommar og vinter.

Det vert òg arrangert ein rockefestival på garden Skau den siste helga i juli. På ”Fres-fesivalen” har mange lokale og nasjonale band stått for musikken, noko som har freista mange til å ta turen til Fresvik. Denne helga er det eit yrande liv i Fresvik!

Midt i bygda ligg eit flott idrettsanlegg – Modig stadion. Om sommaren kan ein spele fotball, om vinteren kan ein gå på skøyter. Eit av dei største arrangementa som me har her i Fresvik, er Mensen Ernst Minneløp, som trekkjer folk kvar sommar. Av fritidssyslar kan me freiste med ein 4H-klubb, musikkskule, eit skulekorps, dametrim og ballspel i gym salen. Ungdommane har òg sin eigen ungdomsklubb, som elevane på ungdomsskulen styrer for. Me har òg ein sommar kafé, som ligg like ved kaien i Fresvik, her er det flott å sitje ein sommarkveld!

I Fresvik er det òg eit engasjert bygdalag, det vert òg gjeve ut eit eiga bygdablad «Bygdanytt» kvar månad om kva som skjer i bygda, nokre av desse utgåvene vert publisert på denne sida. 

Foto: Ruben Bøtun