Erna Underdal Skarsbø

Erna Underdal Skarsbø

Erna Underdal Skarsbø produsera brimost på tradisjonelt vis frå Stølen Langhuso i Undredal. Der er ho frå 25. juli til ca. 30. september. Der kan enkeltpersonar ta turen innom for å smaka på fersk brimost eller kjøpe med deg ein bite. Ho sel òg geitepølse laga frå eigne geiter, (produsert på Evanger pøsefabrikk). Grupper må tinge på førehand. Erna tek og imot bestillingar på ost før 25. juli, den vert då laga på bestilling. 

Flåm Oppleving

Jorunn Heggdal er oppvaksen i Flåm. Ho driv ei lita bedrift med overnatting og servering i eldhus i verdas vakraste fjordlandskap. Jorunn er bygdevert og deler av sin kunnskap om historie og lokalkultur.

Ho har utdanning frå Høgskulen i Sogndal innan lokalhistorie, kulturlandskapskjøtsel og kulturminnekunnskap, og har kunnskap om natur og kulturhistorien i nærområdet. Dette formidlast til dømes under matservering i Eldhuset. Gjestene skal kunna høyra, sjå, lukte og smaka når dei er i Flåm!

– Skal eg vera godt vertskap for alle gjestene mine, må eg ha kunnskap om plassen vår, seier Jorunn.  – Då vert møte mellom menneske verdifult.

Overnatting                                                                                                                                                                                                                                                   Flåm Oppleving ligg 150 meter frå Håreina stasjon langs Flåmsbanan, og har to velutstyrte leilegheiter med kjøken, stoge med sittehjørne og bad med dusj og vaskemaskin. Frokost, lunsj og middag serveres i eldhuset etter avtale  All booking skjer via Booking.com

Eldhuset                                                                                                                                                                                                                                            Velkomen til kortreist frukost, lunsj eller middag i Eldhuset – med brød frå vedfyrt steinomn og mykje god lokalt produsert mat.

Servering og møtestad                                                                                                                                                                                                                              Eldhuset er ein flott stad for små selskap, eller om du treng ein god, lun stad for dei gode samtalane. Vil du feira noko saman med venner og familie, serverer me middag laga i eller kring steinomnen.

Flåm Oppleving                                                                                                                                                                                                                                             Flåm, N-5743 Flåm

Jorunn Heggdal

E: post@flamoppleving.no

T: +47 91 52 33 94

Fresvik Bygdalag

 

Fresvik Bygdalag er eit frivillig lag for alle i Fresvik. Laget jobbar for bygda sitt beste gjennom å ta initiativ til utbyggingar og trivselstiltak. Laget eig kafélokale på kaien i Fresvik. Siste åra har fokus vore på kai området der laget har teke initiativ til aksjeselskap som har kjøpt butikkbygget, oppgradering av kai området og teltplass for padlarar. Laget gir ut avisa Bygdanytt kvar månad, og det kan du finna her. 

Kontaktperson for styret i 2015 er Anne Marie Bøtun Øyri tlf 48255179.

(Bilete: Ruben Bøtun og Nærøyfjorden Verdsarvpark). 

Green Norway

Green Norway

Green Norway tilbyr lokal forankret matopplevelser i det storslåtte landskapet av Sognefjord området.

Vi samarbeider med lokale gård og deres råvarer utgjør grunnlaget for vår meny. Vi elsker naturen, aktiv livsstil og ekte mat og vi ønsker å dele vårt lidenskap med andre.

Vår grillmat og crêpe med lokal vri er blitt veldig populært! Vi ligger i eplehagen på Flåm Camping og Vandreheim og på en street food salgsplass, sentralt på Flåm Torget. Vi tilbyr også catering for møter og familieselskap.

Besøk oss og nyt deilig mat og hyggelig stemning i vakre omgivelser!

IL Modig

IL Modig

Idrettslaget Modig er ein frivillig organisasjon som held til i Fresvik. Gjennom idrettslaget blir det i løpet av året arrangert ski og skøytekarusellar, spinning, Mensen Ernst minneløp, turar i nærmiljøet (ski- og fotturar) året rundt. Merking av turstiar. Aktivitetar for alle.

Det noverande styret i IL Modig: Julie Bøtun, leiar. Olaug Hov, nestleiar. John Bøthun, sekretær. Matthewus Lekki, kasserar og Ole Håkon Tokvam, styremedlem.

Modig vart skipa 27.07.1919«Føremålet med laget er ved samarbeid og kameratskap å fremja idrett og friluftsliv i sunne former».

 

Jordalen Grendalag

 

Grendalaget vart skipa 28. april 2009 med det som føremål å vera eit felles lag for alle innbyggjarane i Jordalen. Laget skal vera med å ivareta våre felles interesser og vera eit talerøyr utad i saker som gjeld heile dalen. Men fyrst og fremst skal laget vera ein pådrivar og inspirator til auka aktivitet i heile dalen, og ha ansvar for arrangement og felles sosiale tiltak av nyttig, festleg eller kulturell karakter.

Laget vil også vera med å leggja til rette for ny næringsverksemd når den nye tunnellen er ferdig og me får varig trygg veg, og i 2011 fekk me LivOGLyst-midlar til planlegging av dette, som eit eittårig prosjekt. Frå 2012 er me med som 3-årig LivOGLyst-prosjekt. 

 

(Foto: 1-3 Roald Nåsen Netland, foto: 4, Kari Mørkve Jordalen). 

Les om våre partnarar