Del2

Stalheim Landskapspark

Stalheim landskapspark er eit samarbeidsorgan for landbruk, turistnæring, servicenæring og lokal befolkning i området. Samarbeidsorganet har som formål å fremja næringsutvikling og trivselstiltak i området.

Frå Stalheim tek rydda og merka turstiar deg inn i dette fantastiske landskapet. Stiane er merka med skilt som føl fjellturismen sin standard der ulike fargekoder fordel deg om kor krevjande turen er.  På ei vandring langs den vakre kongevegen vil du oppleva eit aktivt og levande landbruksmiljø med kulturminne tilbake til vikingtida.

Stalheimskleiva Opp - verdas brattaste "gateløp" med 1500 m ogei stigning på 280 m vert arrangert kvart år i mai. Jon Tveit sin rekord ligg på 9.04 min. Prøv og slå den!

Stalheim Folkemuseum ligg rett bak Stalheim Hotel og er eit av dei største folkemusea i privat eige i Noreg. Museet visar dei ulike sidene ved livet slik det har vore for vossingar og strendingar gjennom dei siste to - tre hundre år.

I landskapsparken finn du og eit rikt dyreliv. Mellom anna kan den oppmerksame oppdage kongeørn, rein, elg, hjort og gaupe.

Stalheim Landskapspark ynskjer alle velkomen til å få ei fantastisk naturoppleving i eit levande og aktivt bygdemiljø.

Meir informasjon: 

VG om traktoesafari. 

Visit Voss

Voss Now

Stavenes

D/S «Stavenes» vart bygd for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1904 og gjekk i rute heilt til båten vart seld til England i 1972. I 1934 vart «Stavenes» ombygd for å bli det første bilførande fartøy på Sognefjorden. «Stavenes» gjekk også mykje i turistruta Flåm – Gudvangen. I 1991 var båten henta heim til Noreg for restaurering. Etter mange tunge år, er det ny giv i arbeidet og om ikkje lenge vil reisandekunne stiga om bord i «Stavenes», som blir Norskekystens eldste og vakraste av sitt slag.

Styvi Gard

Styvi Gard ligg, veglaus, ved Nærøyfjorden. Staden er kjent for å vera endestasjon for Kongevegsmarsjen som går kvart år frå Bleiklindi. På garden er det òg eit gamalt gardsmuseum. 

Det er òg kanskje det minste postkontoret i verda. 

Visit Flåm

Visit Flåm

Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling AS og vert eigd av Aurland Kommune, SIVA Eigendom Holding AS og Aurland Sparebank.

Flåm AS tilrettelegger reiser og opplevingar i Flåm og området heile året. Selskapet tenkjer heilheit i deira reisemålsutvikling, og har som filosofi at kulturen, naturen og servicekonseptene må spela saman for å gje den beste opplevinga kundan

Visit Undredal

Visit Undredal

Undredal Visningssenter Eldhuset

Visningssenteret har utstillingar om ysting, og om mogning prosessen til osten.

Visningssenteret tilbyr ulike program om lokale tradisjonar, om bruket av landskapet før og i dag, og om Nærøyfjorden og UNESCO sin verdsarvstatus.

Med i programmet fyljer ein smaksmeny av lokale ostar og anna tradisjonsmat. 

Opningstider: 1 mai- 30 september, (eller etter avtale).

(grupper på minimum 10 personar, tinging av program må skje på førehand).

Undredal Grendalag/Bygdeutvikling

Undredal Grendelag er velforeininga for bygda og i tillegg ein møteplass for samtale mellom alle i bygda som ynskjer å engasjere seg i ulike former for nærmiljø- og utviklingsarbeid. 

Grendelaget gir ut bladet Underdølen to gonger årleg.

Grendelaget leiger og driv møtelokale og aktivitetslokale i Undredal skule.

Saman med Undredal Ungdomslag driv Grendelaget Geitostfestivalen anna kvart år.

Laget har òg stått for restaurering av ei gamal sjøbu i Undredal.

Kontaktinfo:

Undredal Grendelag

Postboks 33

5747 Undredal

E-post: post@undredal.no


Undredal Bygdeutvikling AS

Hensikta med selskapet er å utvikle aktivitetar og infrastruktur som kan stimulere til trivsel og næringsutvikling i bygda.

Selskapet administrerer i tett samarbeid med Grendelaget bladet Underdølen, parkstellet i bygda, sti rydding, skjøtsels av kulturlandskapet langs fjorden og kajakkcampen på  Stokko.  Ein annan betydeleg aktivitet er bygdevandring og guiding i Undredal stavkyrkje.

Undredal bygdeutvikling har kosta og bygt servicebygget Gjestestova som inneheld fullverdige campingfasilitetar og 3 leilegheiter med høg standar. 

Siste skot på stamma er innreiing av eit lokalt «Verdsarvhus» i Gjestestova.

 

Kontaktinfo:

Undredal Bygdeutvikling AS

Postboks 33

5746 Undredal

E-post: post@undredal.no

Nettside: www.undredal.no

Undredal Stavkyrkje: www.undredal-stavkyrkje.com

Les om våre partnarar