Del3

Amlabukti Grendalag

Amlabukti grendalag

Amlabukti grendalag er eit grendalag for området rundt Amlabukti i Sogndal kommune. Området omfattar m.a.  grendene Øvre og nedre Amla + «gamle Kaupanger» (Kaupanger Hovedgaard + Kaupanger stavkyrkja + Kaupanger ferjekai. 

Grendalaget sitt føremål er å arbeida for fellesinteresser i området , både fysisk, kulturelt, økonomisk og sosialt.

Mellom anna vil me hindre og få slutt på miljøforureining på alle plan, slik at det framleis blir trivelig å bu og leva her. 

Grendalaget er eitsamarbeidsorgan /felles talerøyr i saker som angår grendalaget sine medlemer når ein vender seg til kommunen og andre offentlege og private instanser.

 

I 2008 – 2010 deltok vi Fylkesmannen sitt bygdeutviklingsprogram. Ei god koordinering av kommunal planlegging, offentlege tilskotsordningar og ein stor dugnadsinnsats (i samarbeid med andre lokale organisasjonar) har m.a. ført til ei “oppshining” av ferjekaien + området rundt. 

Venner av Aurlandsdalen

Venner av Aurlandsdalen vart stifta 12. februar 2009. orgnr. 911 704 617

Venner av Aurlandsdalen skal: 

  • Fremja interessa for Aurlandsdalen som ein av dei flottaste natur- og kulturopplevingane i Norge. 
  • Gjera praktisk arbeid og organisera dugnad
  • Driva informasjons- og PR-arbeid knytt til natur og historie
  • Samhandla med andre aktørar til det beste for dalen

Venner av Aurlandsdalen er ein medlemsorganisasjon

Medlemskap: 

  • kr. 150,- pr. år for enkeltpersonar
  • kr. 300,- per år for famile
  • kr. 500,- pr. år for verksemder
  • kr. 600,- for livsvarig medlemskap for enkeltpersonar.

Medlemskap kan tingast her:  kristin.soennerheim@gmail.com

 /tlf: 57 63 34 73 

Eller ved innbetaling til konto i Aurland Sparebank: 3745.30.26451

Du kan også bruke VIPPS: 115274

 

ØkoringenVest

Økoringen Vest er ein medlemsorganisasjon for økologisk interesserte gardbrukarar i Sogn og Fjordane og andre som vil fremje eit økologisk landbruk.

Føremålet til Økoringen Vest er å drive rettleiings-, konsulent- og forsøksverksemd for medlemene. Vidare driv Økoringen Vest opplysningsarbeid for å fremje økologisk landbruk, d.v.s. eit miljø- og ressursvenleg landbruk som prioriterer produktkvalitet og ei fruktbar jord, der ein ikkje nyttar lettløyselege mineralgjødsel og syntetiske sprøytemiddel.

Dei siste året har ØV òg jobba mykje med utvikling av lokalmat, og da spesielt økologisk produsert lokalmat.

ØV vart skipa i 1988 og har i dag ca. 130 medlemer og ca, 90 støttemedlemer. Økoringen Vest har 1 tilsett og kontorstaden er Kaupanger. http://okoringenvest.nlr.no

ØV er tilslutta Norsk Landbruksrådgiving NLR.  Saman med dei andre rådgjevarane som jobbar med økologisk landbruk, står vi bak fagtidskriftet «Økologisk Landbruk» .

ØV har eit tett samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule SJH og Oikos Vest. Saman med Oikos Vest har vi ei felles internettside: www.fjordvett.no 

Les om våre partnarar