Del2

Gudvangen Utvikling AS

OM VIKINGVALLEY

  • Vikingbyen består av over 1500 m2 bygningar.
  • Det går med over 500 m3 tømmer til å bygge byen.
  • Utsmykningane er basert på vikingetida sine stilarter, men med eige design.
  • Husa vert bygde ut frå tidligare erfaringar med rekonstruksjoner av vikingtida sine bygningar, men tilpassa GUAS sine behov og lokale materiale. 
  • Smedarbeid, f.eks. hengsler til dørane, vert utført av ein smed med livslang erfaring med smedhandverk. 
  • Det vert brukt tradisjonelle målingstypar til utsmykking av husa m.a. okseblodsmåling.
  • Det vert nytta materiale, som finst i fjordlandet til bygging av landsbyen med torv og takspon som på stavkyrkjene.

Det er vår ambisjon å byggje ein vikingby av svært høg kvalitet.

Vikingvalley blir ein stad for gode opplevingar, lærdom og aktivitetar gjennom deltaking og møter med mennesker som i dag lever ut denne tidsepoka. Alt knytt opp mot det historiske elementet.

OM GUDVANGEN UTVIKLING AS (GUAS) 

  • GUAS er eit lokalt eigd utviklingsselskap, som har som føremål å utvikle både næringslivet og busettingen i Nærøydalen.
  • Eigarane av GUAS driftar allereie lokal næringsverksemd med ein samla omsetning på meir enn 150 mill.

Rotfesta

 

(Fotograf.  bilete 1-3 Martine Hartveit, bilete 4, Stine Karlsen). 

Foreninga Lærdalsmarknaden

Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer no tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og nykommar Julemarknaden (nest siste helga i november). Men våre røter som ein historisk marknadsplass er lang! Lærdalsøyri avløyste den mellomalderske «Lusakaupangen» (i Kaupanger) som marknadsplass i Indre Sogn. Når veit me ikkje heilt sikkert, men i alle fall var det marknad her på 1500-talet. For i 1596 ser me at det kjem eit påbod om at marknaden skulle vara i åtte dagar og byrja åtte dagar «etter mikkeli» (Mikkelsmesse, 29. september). Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. 

 

Lærdalsmarknaden i si opphavelege form tok slutt ved kongebrev av 20.april 1876, men i 1982 tok lokale eldsjeler og frivillige lag i Lærdal oppatt den eldgamle marknadstradisjonen. Marknaden er framleis ein friluftsmarknad midt i det gamle trehusmiljøet som Lærdalsøyri er så heldig å ha bevart. Vareutval og framkomstmiddel har nok endra seg, men framleis er varebyte, underhaldning og møtet mellom folk kjernen i marknadene våre. Årleg reknar me med at kring 25.000 personar opplever ein eller fleire av våre tre årlege marknadsarrangement - frå Sogn, Valdres, Hallingdal, Voss og Hardanger...og også stadig fleire bergensarar oppdagar at det er verd å ta turen inn til vakre og fruktbare Lærdal.

Vil du delta som gjest eller seljar, så finn du meir informasjon om oss på nettsida vår.

(foto: J.C.Jerving, Jon E Tamnes og Hanne Stedje, Sogn avis):

IL Modig

IL Modig

Idrettslaget Modig er ein frivillig organisasjon som held til i Fresvik. Gjennom idrettslaget blir det i løpet av året arrangert ski og skøytekarusellar, spinning, Mensen Ernst minneløp, turar i nærmiljøet (ski- og fotturar) året rundt. Merking av turstiar. Aktivitetar for alle.

Det noverande styret i IL Modig: Julie Bøtun, leiar. Olaug Hov, nestleiar. John Bøthun, sekretær. Matthewus Lekki, kasserar og Ole Håkon Tokvam, styremedlem.

Modig vart skipa 27.07.1919«Føremålet med laget er ved samarbeid og kameratskap å fremja idrett og friluftsliv i sunne former».

 

Jordalen Grendalag

 

Grendalaget vart skipa 28. april 2009 med det som føremål å vera eit felles lag for alle innbyggjarane i Jordalen. Laget skal vera med å ivareta våre felles interesser og vera eit talerøyr utad i saker som gjeld heile dalen. Men fyrst og fremst skal laget vera ein pådrivar og inspirator til auka aktivitet i heile dalen, og ha ansvar for arrangement og felles sosiale tiltak av nyttig, festleg eller kulturell karakter.

Laget vil også vera med å leggja til rette for ny næringsverksemd når den nye tunnellen er ferdig og me får varig trygg veg, og i 2011 fekk me LivOGLyst-midlar til planlegging av dette, som eit eittårig prosjekt. Frå 2012 er me med som 3-årig LivOGLyst-prosjekt. 

 

(Foto: 1-3 Roald Nåsen Netland, foto: 4, Kari Mørkve Jordalen). 

Njardar Vikinglag

Njardar Vikinglag, vart etablert i 2003. Dekker Sogn og indre Hordaland, med sete i Gudvangen. Formålet er sosialt fellesskap og handverk knytt til vår historie. Vikinglaget organisera òg undervisning i norsk kulturhistorie og kurs innan ulike historiske fag. I tillegg besøker me museum og arrangement over heile Europa. Hovudoppgåva til laget er å arrangera den årlege vikingmarknaden i Gudvangen i midten av juli. Laget har i dag omlag 100 medlemmar.

Navnet ”Njardar” betyr ”viet til Njord” (guden for velstand og handel). Njardarfjordr var det opprinnelige navnet på Nærøyfjorden.

Du finn dei på facebook under NjardarVikings

E-post til høvdingen: georgha54@gmail.com Tlf 928 62 928

E-post til styreleiar: run-lyse@live.no Tlf. 971 10 791

NJORD

NJORD

Njord er ei aktivitetsbedrift, eigd og driven av entusiastar. Vi tilbyr kajakkturar og utleige av kajakk ut frå vår base i Flåm. Turane våre varer frå tre timar til 8 dagar. Dei korte turane har avgangar kvar dag i sesongen. Overnattingsturane går med jamne mellomrom i sesongen.

Njord er veldig opptekne av sporlaus ferdsel, pga dette er vi ein pådrivar i aktivitetar som fremjar dette.

Booking e-post: post@kajakk.com
Booking telefon – Njord i Flåm: +47 913 26 628

Sbnatur

Naturforvaltning

  • er å kjenne naturområda, kva finst her, kva er det unike?
  • er å finne verdiane, er det noko vi bør ta vare på?
  • er vurdering og verdival, kva toler dette økosystemet, kva kostar det samfunnet å ta vare på det?
  • Me lyt ut og sjå! Ta med biologen med innsikt i økologi. Kva kan ho fortelje? Kva for råd kan ho gje?

Mitt mål er å gje omgrepet bærekraft eit reelt innhald

Siri Wølneberg Bøthun

Siri Bøthun Naturforvaltning

Hovsgranden

6896 Fresvik

post@sbnatur.no

 97514784

 



Sivle Gard

Sivle Gard, der natur og kultur går hand i hand.

Mellom høgreiste fjell og djupe dalar på Stalheim, tek vertinna dykk med inn i Per Sivle sitt rike. Dette området som diktaren henta inspirasjon frå og trødde sin barneår, er i dag ein del av det verdsarvlista Vestnorsk fjordlandskap. På Sivle kan de nyta storslagen natur, krydra med forteljingar, dikt

og song. Her kan de få nyta god heimelaga tradisjonsmat, der mykje av råvarene vert produsert på garden. Vertinna på Sivle gjer alt for at gjestene

skal få gode og ekta opplevingar.

 

Kontaktinfo:

Postadr. Brandsetvg. 50

               5713 Vossestrand

Besøksadr.  Sivle, Stalheim

                    5713 Vossestrand

 

 

 

Kontaktperson: Randi Engelsen Eide

Tlf. +47 957 832 74

Straumpost: randi@sivlegard.com

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. SJH har elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. SJH tilbyr også fagskuleutdanning i økologisk landbruk i samarbeid med Hvam vgs. og Fagskolen Innlandet.

Ressurssenteret ved SJH tek seg av besøk, kurs og prosjekt utanom undervisinga. Kursa er opne for alle. Mjølkeforedling, ølbrygging, birøkt, kompostering og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. På skulen finn du og ein populær gardsbutikk, som er open måndag til laurdag. Butikken har eit breitt utval av økologiske og lokalproduserte daglegvarer, og mange etiske gåveartiklar.

Les om våre partnarar