Del1

Indre Sogn Kystlag

Utleige av Sognebåt i Nærøyfjorden og Amblabukta

-Nostalgisk og miljøvenleg aktivitet

Dersom du leitar etter ein alternativ og rimeleg fjordaktivitet, så kan du leige ein Sognebåt i verdsarvfjorden Nærøyfjorden og i Amblabukta i Kaupanger. Sognebåten er ein god gamaldags trebåt med to årepar.

Du kan samtidig bestille ein rimeleg overnatting i hytte, leilegheit eller teltplass langs fjorden.

Ta kontakt med Indre Sogn Kystlag for leige av båtar og  eventuell overnatting.

 

Opningstider: Sommarope

Telefon:+47 970 30 828

Sognefjord Næringshage

SOGNEFJORDEN NÆRINGSHAGE

Sognefjorden Næringshage er ein samarbeidspart til gründerar og næringsliv i regionen. Våre verksemder jobbar innanfor særleg tre områder. Reiseliv, mat og teknologi. Våre verksemder held hovudsakleg til i Indre Sogn.

KONTAKT OSS I AURLAND

Sognefjorden Næringshage AS
Fjordsenteret
Postboks 27, 5741 Aurland
Tlf: +47 918 03 942
E-post: post@sognefjordennh.no

Sogn Næring AS
Fosshaugane Campus
Trolladalen 30 6851 Sogndal
Tlf: +47 416 37 034
E-post: post@sognnaring.no

Flåm skule

flåmskule.jpg

Flåm skule er ein fådelt 1-7 skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Skule- og læringsmiljøet er eit av satsingsområda ved skulen. Skulen sin visjon og ein omfattande aktivitetsplan støttar opp under dette arbeidet.

Underdalsbui

Underdalsbui

“Ein moderne landhandel”, som forsyner dei fastbuande med det viktigaste til dagleg og opphald. For tilreisande er butikken “ei spanande skattekiste” der ein sjølvsagt òg kan få den lokale kvite og brune geitosten og geitepølsa. Dessutan kan ein finne eit eller anna minne frå opphaldet i Undredal.

landhandel med gardsmatutsal
• brun og kvit geitost som spesialprodukt
• spekepølse annan gardsmat (lokale spesialitetar frå store deler av landet) 
• grossist leverandør til butikkar, hotell og restaurantar
• nettbutikk med lokale gardsmatprodukt
• kort veg frå kai og parkering

Øybøen Hostel

Øybøen Hostel

Øybøen Hostell ligger på en familiegård i Fresvik, like utenfor Nærøyfjorden verdsarvpark. Vertene, Knut Olav og Faith er et internasjonalt ektepar med to barn. På Øybøen kan du oppleve hesjing på gamlemåten, selvplukk av bringebær og lett tilgjengelige turløyper som er godt merka, med fantastisk utsikt over sognefjorden. I hostellet er det 10 soverom, to bad, felles kjøkken, stove og ein liten resepsjon med suvenir butikk. Her er det salg av gardsprodukt. Små rom med stor utsikt. Rolig atmosfære, frisk luft og spennende utflukter venter deg.

Aurland barne- og ungdomsskule (ABU)

Aurland barne- og ungdomsskule (ABU)

Aurland barne- og ungdomsskule.

Skulen ligg i hovudsoknet i Aurland med Sogn jord- og hagebruksskule som nærmaste nabo.

Skulen har elevar frå 1. til 10. klasse. Me ønskjer å bruka heile kommunen som klasserom. Difor har me laga ein entreprenørskapsplan, Levande skule,  med faste opplegg der me samarbeider med ulike, lokale organisasjonar og bedrifter, slik som Nærøyfjorden verdsarvpark. 

Erna Underdal Skarsbø

Erna Underdal Skarsbø

Erna Underdal Skarsbø produsera brimost på tradisjonelt vis frå Stølen Langhuso i Undredal. Der er ho frå 25. juli til ca. 30. september. Der kan enkeltpersonar ta turen innom for å smaka på fersk brimost eller kjøpe med deg ein bite. Ho sel òg geitepølse laga frå eigne geiter, (produsert på Evanger pøsefabrikk). Grupper må tinge på førehand. Erna tek og imot bestillingar på ost før 25. juli, den vert då laga på bestilling. 

Flåm Oppleving

Jorunn Heggdal er oppvaksen i Flåm. Ho driv ei lita bedrift med overnatting og servering i eldhus i verdas vakraste fjordlandskap. Jorunn er bygdevert og deler av sin kunnskap om historie og lokalkultur.

Ho har utdanning frå Høgskulen i Sogndal innan lokalhistorie, kulturlandskapskjøtsel og kulturminnekunnskap, og har kunnskap om natur og kulturhistorien i nærområdet. Dette formidlast til dømes under matservering i Eldhuset. Gjestene skal kunna høyra, sjå, lukte og smaka når dei er i Flåm!

– Skal eg vera godt vertskap for alle gjestene mine, må eg ha kunnskap om plassen vår, seier Jorunn.  – Då vert møte mellom menneske verdifult.

Overnatting                                                                                                                                                                                                                                                   Flåm Oppleving ligg 150 meter frå Håreina stasjon langs Flåmsbanan, og har to velutstyrte leilegheiter med kjøken, stoge med sittehjørne og bad med dusj og vaskemaskin. Frokost, lunsj og middag serveres i eldhuset etter avtale  All booking skjer via Booking.com

Eldhuset                                                                                                                                                                                                                                            Velkomen til kortreist frukost, lunsj eller middag i Eldhuset – med brød frå vedfyrt steinomn og mykje god lokalt produsert mat.

Servering og møtestad                                                                                                                                                                                                                              Eldhuset er ein flott stad for små selskap, eller om du treng ein god, lun stad for dei gode samtalane. Vil du feira noko saman med venner og familie, serverer me middag laga i eller kring steinomnen.

Flåm Oppleving                                                                                                                                                                                                                                             Flåm, N-5743 Flåm

Jorunn Heggdal

E: post@flamoppleving.no

T: +47 91 52 33 94

Fresvik Bygdalag

 

Fresvik Bygdalag er eit frivillig lag for alle i Fresvik. Laget jobbar for bygda sitt beste gjennom å ta initiativ til utbyggingar og trivselstiltak. Laget eig kafélokale på kaien i Fresvik. Siste åra har fokus vore på kai området der laget har teke initiativ til aksjeselskap som har kjøpt butikkbygget, oppgradering av kai området og teltplass for padlarar. Laget gir ut avisa Bygdanytt kvar månad, og det kan du finna her. 

Kontaktperson for styret i 2015 er Anne Marie Bøtun Øyri tlf 48255179.

(Bilete: Ruben Bøtun og Nærøyfjorden Verdsarvpark). 

Green Norway

Green Norway

Green Norway tilbyr lokal forankret matopplevelser i det storslåtte landskapet av Sognefjord området.

Vi samarbeider med lokale gård og deres råvarer utgjør grunnlaget for vår meny. Vi elsker naturen, aktiv livsstil og ekte mat og vi ønsker å dele vårt lidenskap med andre.

Vår grillmat og crêpe med lokal vri er blitt veldig populært! Vi ligger i eplehagen på Flåm Camping og Vandreheim og på en street food salgsplass, sentralt på Flåm Torget. Vi tilbyr også catering for møter og familieselskap.

Besøk oss og nyt deilig mat og hyggelig stemning i vakre omgivelser!

Les om våre partnarar