Smak på direkten

Det finst fleire stadar der ein kan få smaka på lokale produkt på direkten utan å tinge på førehand. Dette gjeld spesielt små grupper eller enkeltpersonar, større grupper bør kontakte verksemda på førehand. Sjå òg kva enkelt produsent for meir informasjon om opningstider og tilgjengelegheit.

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Erna Underdal Skarsbø Bonde og osteprodusent i Undredal.

Rallarrosa Stølsysteri sal av ost og enkel stølskost i Flåmsdalen.

Underdalsbui, smaksprøvar og utsal for den lokale osten samt anna lokalmat.

Marianne Bakeri og Kafe, har eit bevisst fokus på lokalmat og bruk av økologisk produkt.

Kort og Godt i Lærdal er ein kombinert serveringsstad og utsalsstad for lokalmat frå regionen.

Green Norway, servering/catering med fokus på bruk av lokale produkt.

Vik Ostebar, utsal av ulike meierivarer fra Tine. I tillegg tilbyr dei påsmurte rundstykker og ostetallerken.

Ægir Bryggeri og Restaurant, på Flåmsbrygga.

Bakkastova kulturkafe  i Flåm.

Flåm Marina.

Vangsgarden i Aurland.

Store Ringheim. 

Brimost frå Sogn- Eit Slow Food presidia

Brimosten i frå Sogn vart i 2005 det fyrste produktet med status som Slow Food Presidia i Noreg.  Presidium kan samanliknast med EU og den norske merkeordninga for beskytta produkt. Slow Food sine kriterium er ofte strengare.

Sidan 2005 har fleire produkt i Noreg fått status som Slow Food presidia desse er, tørrfisk fra Sørøya, røykesild fra Sunnmøre, den norske villsauen, klippfisk fra Kristiansund samt pultost fra Oppland og Hedmark.

Brimosten er laga av upasteurisert mjølk. Osten vert laga ved innkoking av mysa som blir til overs etter framstilling av tradisjonell kvit geitost. 

Produsentane av Brimost i Aurland er: 

Undredal Stølsysteri. 

Erna Underdal Skarsbø.

Rallarrosa Stølsysteri.

Sogn Jord- og Hagebruksskule. 

Skjerdal Stølsysteri. 

Eit kart over produsentane kan du lasta ned her. 

I Undredal arrangera dei Geitostfestivalen siste helga i juli annakvart år.

Det har òg vorte laga ein film om Brimosten i frå Sogn. 

 

Storehaugen opp

Storehaugen opp er eit motbakkeløp som går i Lærdal. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.

Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigonometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, deltakarane vert oppfordra til å ta med drikke.

Løypa er på 3,7 km og har ein gjennomsnittleg stigning på nær 25 %.

Interessante fakta om stadnamna langs løypa: 

Langs stølsvegane var det vanleg med stadnamn på ulike plassar ,gjerne utsiktspunkt. Ein del av nama er gamle børakvile, andre namn er knytte til hendingar.

Med start i Sviggum har vi desse stadnamna: 

Nedre Seklepp (50m.o.h.): Dette var fyrste plassen dei såg sjøen når dei skulle til støls – difor namnet Seklepp .Se = sjå, klepp =lita høgd. 

Gygrefoten /»Jygrefoten»: Fotefar etter ei gyger – ei trollkvinne.

Øvre Seklepp (115 m.o.h)

Harasiglet (235 m.o.h):  Namnet er kansje påkome av ein som har vore ute på hålkeføre og «sigla» nedover svåi. 

Krokabakkane (430 m.o.h.): Felles merkestein for 9 ulike bruk

Skirset (510 m.o.h.):Gamal vårstøl eller slåtteteig, 

Skir = reint., namnet kan kome av at her var den einaste kjelda med reint vatn i åsen.Kjelda er ikkje halden ved like,og vatnet er ikkje drikkandes lenger.Skirset er ca halveges på løpstraseen og her er det drikkestasjon.

Svinakleivi (700m.o.h):  Grisane måtte og vera med til støls i gamle dagar. Kanskje gjekk det gale med ein gris her ein gong?

Vetlehaugen (750 m.o.h)

Halvfardekkene (770 m.o.h.):  Namnet tyder på at du er halveges til støls. Dyra skulle kvile og eta her. 

Kattuglegalden (850 m.o.h.):  Kattuglegjelet er rett nedunder her.Det er bratt og trongt – uframkomeleg for folk.Fin utsikt oppover dalen rett nedunder galden.

Storehaugen(908 m.o.h.): Flott utsiktspunkt – sjå Lærdal frå lufta! Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider. 
Mål for Storehaugen Opp

Informasjon er henta frå heimesida til Storehaugen Opp, du kan òg lesa meir om løpet  der.

Storehaugen Laerdal

Stalheimskleiva opp

Stalheimskleiva opp

Stalheimskleiva Opp er et motbakkeløp i Voss kommune som arrangeres av Stalheim landskapspark og Voss Oppturar. Løypa starter i Nærøydalen på 125 meters høgde, og har målgang ved Stalheim Hotel på 405 moh.

Går  du for trippelen så kan du vera med på motbakkeløp, rulleskiløp og sykkelløp-  på landets brattaste riksveg, med ei stigning på 280m. Du kan delta i ein, to eller alle tre løpa, og du kan nytta valfri type sykkel/rulleski. 

Mensen Ernst Minneløp

Mensen Ernst Minneløp er eit løp som vert arrangert årleg i Fresvik, til minne om langdistanseløparen Mensen Ernst (1795-1843). Han var født i Fresvik, i Vik kommune og gjeve namnet Mons Monsen Øyri. Han byrja arbeidslivet som sjømann, men vart kjend som ein profesjonell langdistanseløpar. I 1818 byrja Ernst karrieren som sportsmann, fyrst i London som ‘pedestrian’, nokon som deltok i løp, ofte framfor eit publikum. Det fyste lange løpet han deltok i kom året etter, då han sprang 116 km frå London til Portsmouth.

Ernst var ein av dei beste langdistanseløparane verda nokon gong har sett, og ein av dei fyrste norske profesjonelle sportsmenna. Mest kjend er han for dei lengre løpa han deltok i, spesielt eit 14 dagars løp frå Paris til Moskva i 1832 (2500km i luftline) og eit seinare løp frå Konstantinopel (no Istanbul) til Calcutta og attende til Konstantinopel (over 9000km) som tok han 59 dagar. Sjølv om det er mange som seier at det Ernst gjorde var umogleg, finnes det bevis på at han stoppa innom plassar og kom fram til der han skulle, noko som sterkt indikera at mannen frå Fresvik verkeleg var ein fantastisk idrettsutøvar.

Mensen Ernst døydde av dysenteri i Afrika i 1843, der han hadde fått i oppdrag å finne kjelda til Nilen. Han vart gravlagd ved Nilen, og gravplassen hans er truleg under ein av Aswandammane.

Laurdag 29. juni brakar det laus med Mensen Ernst minneløp 2019!
Dette er eit løp for absolutt alle, eit arrangement som blir tilrettelagt med sikte på helse- og trivselsformål meir enn på konkurransar og prestasjonar. Her fokusera me på god stemning, rørsleglede og personleg meistring! Gå eller spring. Uansett alder, form eller erfaring er dette løpet perfekt for akkurat DEG! :)

Vel mellom 4 distansar;
1,5km
3,5km
6,5km
12km
I tillegg blir det arrangert 400m baneløp for dei minste og 400m rullestolløp😊

OBS! DELTAGERTAK PÅ 150STK! (ikkje inkludert barneløp)

Du finn meir informasjon om Mensen Ernst Minneløp på facebooksida deira.

Mensen Ernst Minnelop Fresvik- foto: Julie Botun

Verdsarvturen

Verdsarvturen vert arrangert årleg av Bakka Grendalag i lag med samarbeidspartnarar.  Turen går mellom Bakka og Dyrdal i Nærøyfjorden.
Turen byr på ein høgdeforskjell på 1300 høgdemeter over ein distanse på mellom 15 og 20 kilometer. Heile vegen har du dei flottaste verdsarvfjell du kan tenkja deg. Prikken over i-en må vel kunna seiast å vera utsikten frå Breidskrednosi.

Turen vert gjennomført laurdagen i fyrste helga i august.

Alle som fullfører får diplom.

Turløype: Start ved Bakka skule → Rimstigen → Skarsvotni → Breidskrednosi → Dyrdal

Sjå Verdsarvturen si eiga heimeside her for meir informasjon.

 
Hjolmo Dyrdal Naroyfjorden

Aurland turlag turprogram

Aurland Turlag – laget som går.

 

Me har turar både sommar og vinter frå fjord til fjell. Haust og vår er onsdagsturane populære. Det er kortare turar på kveldstid, og dei blir gjerne lagde rundt om i dei ulike bygdene. I tillegg har vi Barnas Turlag som har leik og moro, turar og friluftsliv for born opp til 13 år. 

Aurland Turlag finn du på facebook, gå gjerne inn og lika sida deira.

Turprogrammet for onsdagsturane Våren 2017 finn du her.

Turprogrammet for onsdagsturane Hausten 2017 finn du her.

Turprogrammet for onsdagsturane Våren 2016 finn du her. 

Turprogrammet for onsdagsturane hausten 2016 finn du her. 

 

 

Hjømo Dyrdal Naroyfjorden Vestnorsk Fjordlandskap

Kongevegsmarsjen

INFORMASJON:
Søndag 16. juni 2019
Guida tur på Kongevegen langs Nærøyfjorden. I samband med arrangementet Ope helg på Styvi midt i juni arrangerer me tur frå Bleiklindi til Styvi. Det vert påmelding til turen. Kontakt: Gry, tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no. NB: Meir info om turen vert kunngjort innan 01. mars.

 

Kongevegsmarsjen  langs ville og vakre Nærøyfjorden, går frå Bleiklindi til Styvi.  Dette er ei lett og flott vandring (ca5,5km/1,5t) på delar av den gamle postvegen mellom Bergen og Oslo.  Turen vert arrangert årleg av Styvi Gardsmuseum med samarbeidspartnarar.

Garden Styvi ligg på austsida av  Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida. Husdyrhald har vore hovudlevevegen i fleire generasjonar. Styvi har og vore skyss- og postgard. I 1993 vart garden opna som eit gardsmuseum med stor samling av reiskap og innbu.

Mellom Styvi og Bleiklind kan ein oppleva følgjande attraksjonar:
- Galden er eit bratt og smalt parti, her ligg vegen på steinmurar som går ut i sjøen.

- På Klungrenes står ei gamal høyløe. Her slo dei, hausta lauv frå bjørk, plukka hasselnøtter og hogg tønneband.

- Odnes var ein del av slåttemarka på Styvi.

- På den andre sida av fjorden ser de Breiskreda. Det lyse fjellet (anorthositt) gjer at raset frå 1983 er tydeleg. 

- På Holmo opnar landskapet seg. Her var slåttemark og vårstøl for Styvi. Her ligg også den store gravrøysa frå bronsealderen. 

- Bleiklindi er eit lindetre som vart freda som naturminne i 1933 fordi det sprett med gule blad og fell grøne blad om hausten.

Les meir om Kongevegen, Styvi gard og Styvi Gardsmuseum

Andre delar av Kongevegen: 
Det vert òg arrangert marsj på den gamle Kongevegen frå Haugsvik til Stalheim i Voss Kommune. Denne vert arrangert årleg på hausten av Stalheim landskapspark.

 I tillegg vart Kongevegen mellom Lærdal og Vang i Valdres kåra til vinnaren av «Vakre Vegars Pris» for 2014. Ei beskriving av fotturen langs kongevegen i Lærdal finn du her.  Følg og Kongevegen over Filefjell på facebook for oppdateringar om både vegen og arrangement knytt til vegen. 

Les om våre partnarar