Storehaugen opp

Storehaugen opp er eit motbakkeløp som går i Lærdal. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.

Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigonometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, deltakarane vert oppfordra til å ta med drikke.

Løypa er på 3,7 km og har ein gjennomsnittleg stigning på nær 25 %.

Interessante fakta om stadnamna langs løypa: 

Langs stølsvegane var det vanleg med stadnamn på ulike plassar ,gjerne utsiktspunkt. Ein del av nama er gamle børakvile, andre namn er knytte til hendingar.

Med start i Sviggum har vi desse stadnamna: 

Nedre Seklepp (50m.o.h.): Dette var fyrste plassen dei såg sjøen når dei skulle til støls – difor namnet Seklepp .Se = sjå, klepp =lita høgd. 

Gygrefoten /»Jygrefoten»: Fotefar etter ei gyger – ei trollkvinne.

Øvre Seklepp (115 m.o.h)

Harasiglet (235 m.o.h):  Namnet er kansje påkome av ein som har vore ute på hålkeføre og «sigla» nedover svåi. 

Krokabakkane (430 m.o.h.): Felles merkestein for 9 ulike bruk

Skirset (510 m.o.h.):Gamal vårstøl eller slåtteteig, 

Skir = reint., namnet kan kome av at her var den einaste kjelda med reint vatn i åsen.Kjelda er ikkje halden ved like,og vatnet er ikkje drikkandes lenger.Skirset er ca halveges på løpstraseen og her er det drikkestasjon.

Svinakleivi (700m.o.h):  Grisane måtte og vera med til støls i gamle dagar. Kanskje gjekk det gale med ein gris her ein gong?

Vetlehaugen (750 m.o.h)

Halvfardekkene (770 m.o.h.):  Namnet tyder på at du er halveges til støls. Dyra skulle kvile og eta her. 

Kattuglegalden (850 m.o.h.):  Kattuglegjelet er rett nedunder her.Det er bratt og trongt – uframkomeleg for folk.Fin utsikt oppover dalen rett nedunder galden.

Storehaugen(908 m.o.h.): Flott utsiktspunkt – sjå Lærdal frå lufta! Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider. 
Mål for Storehaugen Opp

Informasjon er henta frå heimesida til Storehaugen Opp, du kan òg lesa meir om løpet  der.

Storehaugen Laerdal
Les om våre partnarar