Mensen Ernst Minneløp

Mensen Ernst Minneløp er eit løp som vert arrangert årleg i Fresvik, til minne om langdistanseløparen Mensen Ernst (1795-1843). Han var født i Fresvik, i Vik kommune og gjeve namnet Mons Monsen Øyri. Han byrja arbeidslivet som sjømann, men vart kjend som ein profesjonell langdistanseløpar. I 1818 byrja Ernst karrieren som sportsmann, fyrst i London som ‘pedestrian’, nokon som deltok i løp, ofte framfor eit publikum. Det fyste lange løpet han deltok i kom året etter, då han sprang 116 km frå London til Portsmouth.

Ernst var ein av dei beste langdistanseløparane verda nokon gong har sett, og ein av dei fyrste norske profesjonelle sportsmenna. Mest kjend er han for dei lengre løpa han deltok i, spesielt eit 14 dagars løp frå Paris til Moskva i 1832 (2500km i luftline) og eit seinare løp frå Konstantinopel (no Istanbul) til Calcutta og attende til Konstantinopel (over 9000km) som tok han 59 dagar. Sjølv om det er mange som seier at det Ernst gjorde var umogleg, finnes det bevis på at han stoppa innom plassar og kom fram til der han skulle, noko som sterkt indikera at mannen frå Fresvik verkeleg var ein fantastisk idrettsutøvar.

Mensen Ernst døydde av dysenteri i Afrika i 1843, der han hadde fått i oppdrag å finne kjelda til Nilen. Han vart gravlagd ved Nilen, og gravplassen hans er truleg under ein av Aswandammane.

Laurdag 29. juni brakar det laus med Mensen Ernst minneløp 2019!
Dette er eit løp for absolutt alle, eit arrangement som blir tilrettelagt med sikte på helse- og trivselsformål meir enn på konkurransar og prestasjonar. Her fokusera me på god stemning, rørsleglede og personleg meistring! Gå eller spring. Uansett alder, form eller erfaring er dette løpet perfekt for akkurat DEG! :)

Vel mellom 4 distansar;
1,5km
3,5km
6,5km
12km
I tillegg blir det arrangert 400m baneløp for dei minste og 400m rullestolløp😊

OBS! DELTAGERTAK PÅ 150STK! (ikkje inkludert barneløp)

Du finn meir informasjon om Mensen Ernst Minneløp på facebooksida deira.

Mensen Ernst Minnelop Fresvik- foto: Julie Botun
Les om våre partnarar