Kongevegsmarsjen

INFORMASJON:
Søndag 16. juni 2019
Guida tur på Kongevegen langs Nærøyfjorden. I samband med arrangementet Ope helg på Styvi midt i juni arrangerer me tur frå Bleiklindi til Styvi. Det vert påmelding til turen. Kontakt: Gry, tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no. NB: Meir info om turen vert kunngjort innan 01. mars.

 

Kongevegsmarsjen  langs ville og vakre Nærøyfjorden, går frå Bleiklindi til Styvi.  Dette er ei lett og flott vandring (ca5,5km/1,5t) på delar av den gamle postvegen mellom Bergen og Oslo.  Turen vert arrangert årleg av Styvi Gardsmuseum med samarbeidspartnarar.

Garden Styvi ligg på austsida av  Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida. Husdyrhald har vore hovudlevevegen i fleire generasjonar. Styvi har og vore skyss- og postgard. I 1993 vart garden opna som eit gardsmuseum med stor samling av reiskap og innbu.

Mellom Styvi og Bleiklind kan ein oppleva følgjande attraksjonar:
- Galden er eit bratt og smalt parti, her ligg vegen på steinmurar som går ut i sjøen.

- På Klungrenes står ei gamal høyløe. Her slo dei, hausta lauv frå bjørk, plukka hasselnøtter og hogg tønneband.

- Odnes var ein del av slåttemarka på Styvi.

- På den andre sida av fjorden ser de Breiskreda. Det lyse fjellet (anorthositt) gjer at raset frå 1983 er tydeleg. 

- På Holmo opnar landskapet seg. Her var slåttemark og vårstøl for Styvi. Her ligg også den store gravrøysa frå bronsealderen. 

- Bleiklindi er eit lindetre som vart freda som naturminne i 1933 fordi det sprett med gule blad og fell grøne blad om hausten.

Les meir om Kongevegen, Styvi gard og Styvi Gardsmuseum

Andre delar av Kongevegen: 
Det vert òg arrangert marsj på den gamle Kongevegen frå Haugsvik til Stalheim i Voss Kommune. Denne vert arrangert årleg på hausten av Stalheim landskapspark.

 I tillegg vart Kongevegen mellom Lærdal og Vang i Valdres kåra til vinnaren av «Vakre Vegars Pris» for 2014. Ei beskriving av fotturen langs kongevegen i Lærdal finn du her.  Følg og Kongevegen over Filefjell på facebook for oppdateringar om både vegen og arrangement knytt til vegen. 

Les om våre partnarar