2019

Filtering by: 2019

Aug
18
7:00 AM07:00

Frå fjell til fjord i verdsarven!

Fresvikjordalen-Dyrdal 17072019 (1).jpg

TURSKILDRING

For at turvandrarar skal få oppleva delar av indrefileten til verdsarven arrangerer me ein tur som går frå det opne høgfjellandskapet i Fresvikjordalen til dei tronge, frodige dalane heilt ned til den veglause grenda Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Me startar å gå rett ved Jashaugbu (949 moh) i Fresvikjordalen. Derifrå går turen innover fjellet mot Fresvikvarden på sti, Styvidalsvatnet og så bratt ned mot Huldabotnvatnet. Deretter forsvinn tråkket når me kjem ned mot Styvisdalen og etter kvart til stølen Hjølmo. Då vert turen langs traktorveg ned mot Dyrdal.

Langs denne ruta får me oppleve mykje; kontrasten mellom høgfjellstølar og dalstølar, spor etter villreinjakt og istider, fjell i bevegelse, imponerande gardar og den hyggelige grenda Dyrdal. Turen byr på særs ulikt underlag; me går på sti, tråkk, ur, sva, myr, lyng, gras, traktorveg og vading over små elvar er forventa.


PRAKTISK INFORMASJON:

Vanskegrad: rød

Fakta: ca 7 timar gange+ pauser, 104 m opp og 1260 m ned

Transport:

7.15 Taxi Gudvangen til Jashaugbu

17.20 Ferja Dyrdal til Gudvangen

Pris: 250 for DNT medlemmar, 450 for ikkje medlemmar, betaling med vipss eller kontant ved oppmøte

Godt å ha med: Gode fjellsko, klede for høgfjellsvær, stavar, gamasjer og niste for lang dag

View Event →
Jul
22
to Jul 26

Storied wandering (Forteljarvegen) 2019

forteljarvegen1-2019.png

This year our storied wandering takes us from the mountains to the fjords, from Østerbø through Aurlandsdalen to Sinjarheim and out to Aurlandsvangen and the fjordlandscape of the UNESCO world heritage of Nærøyfjorden.

PROGRAM:

Monday 22. July: We meet at Østerbø. Some will come at different times, but we will share dinner together in the evening around 18.00. Lodging: Aurlandsdalen turisthytta (DNT): https://aurlandsdalen.dnt.no/. Full lodge, dinner, shower and breakfast (incl. Lunchpack) with all having DNT discount: NOK 931 pr person in 4- persons rooms or one 6-person room.

Tuesday 23. July: We hike down the Aurlandsdalen to Sinjarheim, and we will stay at this beautiful old farm. You would need a sleeping bag here. See Sinjarheim: https://no.wikipedia.org/wiki/Sinjarheim. If some would want to stay in tent, that would be fine.

Wednesday 24. July: We hike down to Vassbygdi and out to Aurland. Here we will stay at either campground: https://www.lunde-camping.no/; cabins: www.winjum-hytter.com/ or “motel”:  https://www.vangsgaarden.com. We are staying 2 nights until Friday. At Lunde the price for 4-person cabin is NOK 750 pr night.

Thursday 25. July: This day we will use in Nærøyfjorden, and we will try a rowboat, we will hear the stories of people living in the fjord and walk parts of the old postal route.

Friday 26. July: A place-based story-telling workshop at Sogn Jord og hagebruksskolen. We will also get an guided tour of the history of the school. https://sjh.no/.

Price: kr 1500 pr person. This is for shared costs, overnight and dinner and breakfast at Sinjarheim, rowing boat and arrangements. NB! The participants need to arrange and pay for lodging at Østerbø (1 night) and Aurland (2 nights) themselves: (check above links). They will also need to pay for ferry to Nærøyfjorden and their own cost (besides dinner and breakfast at Sinjarheim).

Transportation: Arrive: 22. July: From Ål train station 12 pm to Østerbø (arrive 13.30). Departure: 26. July: Bus to Østerbø at 16.46, Train: 17.25 from FLåm over Myrdal, arrive Ål 20.25.

Contact: Jorunn Barane (jorunn.barane@sfj.no): 00 47 97 00 59 51; Per Ingvar Haukeland (per.i.haukeland@usn.no): ph: 00 47 46 42 01 29.

HOW TO SIGN UP: Send an email/sms to Jorunn or Per Ingvar by 20 juni! BUT, send it in as soon as you can, and let us know: 1) name of participant(s) og 2) how you plan to arrive and leave.

View Event →
Jun
15
to Jun 16

Open helg på Styvi

20160613_115848.jpg

Bli med og opplev Styvi, Kongevegen og Nærøyfjorden på den finaste tida på året!
Me byr på guida tur på Kongevegen, ope gardsmuseum, servering i kafeen på kaia og andre aktivitetar for både vaksne og born denne helga.

Laurdag 15. juni kl. 09.30-17.30 Søndag 16. juni kl. 09.30-17.30

AKTIVITETAR Å VERE MED PÅ:

* Ope gardsmuseum, med guida omsyning kl. 13.00 og 14.30 begge dagar

* Aktivitet med slått og lauving, med høve til å delta

* Natur- og kultursti for vaksne og born, med deltakarpremiar

* Sauar og heimalam på beite, som ein kan kose med og gje fôr til

* Tur på Kongevegen. Gå sjølv eller med guide.

NB: Den guida turen er på søndagen kl. 12-14, t/r Styvi-Odnes.

OPEN KAFÉ PÅ KAIA

* Sal av varm og kald mat og drikke

* Sal av bøker og andre lokale produkt

NB! TA MED KONTANTAR! Du kan ikkje betale med kort eller vipps.

TRANSPORT*

Rutegåande båt

* Gudvangen → Styvi: 10.30, 11.30 (ikkje søndag), 13.30

* Styvi → Gudvangen: 15.30, 17.30

Robåt Kontakt Kystled Nærøyfjord v/ Svein Tufte for leige, tlf. 90 52 63 24

Kajakk Kontakt Njord eller Nordic Ventures for leige, eller ta med eigen kajakk.

*Det går shuttlebus strekninga Aurland-Flåm-Gudvangen, som og korresponderer med båtruta.

Merk deg:

Frist for førehandstinging av båtbillett til spesialpris er 27. mai!

For meir info og tinging av båtbillettar, kontakt: Prosjektleiar Gry Mørk – tlf. 95 14 14 38, e-post: gry@naroyfjorden.no



Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ parkforvaltar Gry Mørk
E-post: gry@naroyfjorden.no
Tlf.: 95 14 14 38

Arrangørar:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Nærøyfjorden verneområdestyre
Familien Hov, grunneigar

View Event →
Jun
14
to Jun 16

Lærdalsmarknaden 2019

lærdalsmarknad.jpeg

Velkomen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand. I 2019 kan me ynskje velkomen til til Lærdalsmarknad for 39 gongen etter oppattakinga av den historiske marknadstradisjonen i 1982.

View Event →
May
10
to May 12

Kurs : førstehjelp i villmarka - 20 timar

WFA Norway May 2019 (1).jpeg

Dette er eit kurs for deg som likar å vere ute i naturen. Om du går i fjellet eller padlar på fjorden, om du er gude eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute eller du kan møte nokon som treng hjelp. Då kan dette kurset førebu deg og gi deg kunnskap du treng for å kunne hjelpe - både deg sjølv og andre.

Kurset blir halde på engelsk i Flåm 10-12 mai 2019.

Du kan få meir informasjon og melde deg på her:

info@crossinglatitudes.com

telefon: +46-70-6701153

Arrangør er NJORD Seakayak Norway og Crossing Latitudes

View Event →
Apr
24
to May 4

Kurs: førstehjelp i villmarka - 80 timar

WFR Norway 2019.jpeg

Dette kurset passar for deg som likar å vere ute i naturen. Om du vandrar i fjellet eller padlar på fjorden, om du er guide eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute. Kurset gjev deg kunnskap til å kunne hjelpe både deg sjølv og andre dersom uhellet skjer langt frå folk og legehjelp.

Dette kurset er på 80 timar og gjev deg kunnskapen du treng for å kunne hjelpe i kritistiske situasjonar.

For registrering og kursinformasjon kan du kontakte:

info@crossinglatitudes.com

telefon: +46-70-670 1153

Arrangør er NJORD - Seakayak Norway i samarbeid med Crossing Latitudes

View Event →
Apr
8
10:00 AM10:00

Ystekurs - inspirasjon til lokal foredling av mjølk ( kursstad Førde)

Ystekurs-plakatbilde.png

I samarbeid med Kompetansenavet, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag arrangerar vi ystekurs 8.april i Førde og 9. april på Nordfjordeid.

Kursdagane er meint å gje inspirasjon og innsikt i kva det vil seie å foredle mjølk og kva som trengs til etablering av eige ysteri.

Verdsmeistaren, Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana, kjem og inspirerar i lag med Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og Aud Slettehaug  frå Kompetansenavet Lokalmat Vest.

Målgruppa er mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

Har du dialog med ein eller fleire som kan ha interesse for tema, er det kjekt om du formidlar invitasjon og informasjon om kursa.

Det er same program begge kursdagane. Påmeldingsfrist er 1.april.

Kursa er lagt ut på www.landbrukskurs.no og du finn artikkel hjå Fylkesmannen i Vestland her .

 

View Event →
Jan
10
6:30 PM18:30

Ope møte om Aurlandsdalen

Aurlandsdalen - ope møte 2018.jpg

Velkomen til ope møte for alle som er interesserte i Aurlandsdalen.

Torsdag 10. januar 2019 kl 18.30 på Rådhuset i Aurland.

Det er fint om du gjev ein lyd slik at det er nok kaffi og noko attåt til alle!

Kontaktperson: Snædis Laufey Bjarnadottir

telefon: 94 26 93 38 epost: snaedis@naroyfjorden.no

Hjarteleg velkomen!

View Event →
Les om våre partnarar