Back to All Events

Ystekurs - inspirasjon til lokal foredling av mjølk ( Kursstad Nordfjordeid)

Ystekurs-plakatbilde.png

I samarbeid med Kompetansenavet, Sogn og Fjordane Bondelag og Noregs Bonde- og Småbrukarlag arrangerar vi ystekurs 8.april i Førde og 9. april på Nordfjordeid.

Kursdagane er meint å gje inspirasjon og innsikt i kva det vil seie å foredle mjølk og kva som trengs til etablering av eige ysteri.

Verdsmeistaren, Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana, kjem og inspirerar i lag med Anne Karin Hatling frå Skjerdal Støylsysteri og Aud Slettehaug  frå Kompetansenavet Lokalmat Vest.

Målgruppa er mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

Har du dialog med ein eller fleire som kan ha interesse for tema, er det kjekt om du formidlar invitasjon og informasjon om kursa.

Det er same program begge kursdagane. Påmeldingsfrist er 1.april.

Kursa er lagt ut på www.landbrukskurs.no og du finn artikkel hjå Fylkesmannen i Vestland her .

 

Les om våre partnarar