21. mai vert det arrangert Vikjastafett og Friidrettstemne i VIk.
Sjå nettsida til Vik IL for meir informasjon.
21. mai vert det arrangert Vikjastafett og Friidrettstemne i VIk.
Sjå nettsida til Vik IL for meir informasjon.
“Ein moderne landhandel”, som forsyner dei fastbuande med det viktigaste til dagleg og opphald. For tilreisande er butikken “ei spanande skattekiste” der ein sjølvsagt òg kan få den lokale kvite og brune geitosten og geitepølsa. Dessutan kan ein finne eit eller anna minne frå opphaldet i Undredal.
landhandel med gardsmatutsal
• brun og kvit geitost som spesialprodukt
• spekepølse annan gardsmat (lokale spesialitetar frå store deler av landet)
• grossist leverandør til butikkar, hotell og restaurantar
• nettbutikk med lokale gardsmatprodukt
• kort veg frå kai og parkering
Øybøen Hostell ligger på en familiegård i Fresvik, like utenfor Nærøyfjorden verdsarvpark. Vertene, Knut Olav og Faith er et internasjonalt ektepar med to barn. På Øybøen kan du oppleve hesjing på gamlemåten, selvplukk av bringebær og lett tilgjengelige turløyper som er godt merka, med fantastisk utsikt over sognefjorden. I hostellet er det 10 soverom, to bad, felles kjøkken, stove og ein liten resepsjon med suvenir butikk. Her er det salg av gardsprodukt. Små rom med stor utsikt. Rolig atmosfære, frisk luft og spennende utflukter venter deg.
Aurland barne- og ungdomsskule.
Skulen ligg i hovudsoknet i Aurland med Sogn jord- og hagebruksskule som nærmaste nabo.
Skulen har elevar frå 1. til 10. klasse. Me ønskjer å bruka heile kommunen som klasserom. Difor har me laga ein entreprenørskapsplan, Levande skule, med faste opplegg der me samarbeider med ulike, lokale organisasjonar og bedrifter, slik som Nærøyfjorden verdsarvpark.
Amlabukti grendalag
Amlabukti grendalag er eit grendalag for området rundt Amlabukti i Sogndal kommune. Området omfattar m.a. grendene Øvre og nedre Amla + «gamle Kaupanger» (Kaupanger Hovedgaard + Kaupanger stavkyrkja + Kaupanger ferjekai.
Grendalaget sitt føremål er å arbeida for fellesinteresser i området , både fysisk, kulturelt, økonomisk og sosialt.
Mellom anna vil me hindre og få slutt på miljøforureining på alle plan, slik at det framleis blir trivelig å bu og leva her.
Grendalaget er eitsamarbeidsorgan /felles talerøyr i saker som angår grendalaget sine medlemer når ein vender seg til kommunen og andre offentlege og private instanser.
I 2008 – 2010 deltok vi Fylkesmannen sitt bygdeutviklingsprogram. Ei god koordinering av kommunal planlegging, offentlege tilskotsordningar og ein stor dugnadsinnsats (i samarbeid med andre lokale organisasjonar) har m.a. ført til ei “oppshining” av ferjekaien + området rundt.
Aurland Turlag – laget som går.
Me har turar både sommar og vinter frå fjord til fjell. Haust og vår er onsdagsturane populære. Det er kortare turar på kveldstid, og dei blir gjerne lagde rundt om i dei ulike bygdene. I tillegg har vi Barnas Turlag som har leik og moro, turar og friluftsliv for born opp til 13 år.
Erna Underdal Skarsbø produsera brimost på tradisjonelt vis frå Stølen Langhuso i Undredal. Der er ho frå 25. juli til ca. 30. september. Der kan enkeltpersonar ta turen innom for å smaka på fersk brimost eller kjøpe med deg ein bite. Ho sel òg geitepølse laga frå eigne geiter, (produsert på Evanger pøsefabrikk). Grupper må tinge på førehand. Erna tek og imot bestillingar på ost før 25. juli, den vert då laga på bestilling.
FjordSafari RIB båtturar.
Guida aktivitetar utandørs som vandring, sykling, teambuilding, kombinert med lokalmat opplevingar.
Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCO Verdsarvliste 14.juli 2005 under UNESCO sitt 29. komitemøte i Durban, Sør-Afrika.
Østerbø Fjellstove ligg 820 m.o.h. like ved Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen og er eit utmerka utgangspunkt for korte og lengre turar i den vakre Aurlandsdalen. Fjellstova har òg røter attendes til 1600-talet, med bygningar og spor etter lafta bygg frå 1740-tallet.