Back to All Events

Storehaugen opp 2019

storehaugenopp.png

Traseen til motbakkeløpet "Storehaugen Opp" er den gamle stølsvegen til stølen Hognåsen , ein eldgamal stølsveg med gamle og nye stølstufter. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.

Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigenometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, so me oppfordrar deltakarane til å ta med drikke.

Du kan finne meir informasjon på heimesida: Storehaugen Opp og på facebooksida.

Earlier Event: May 25
STALHEIMKLEIVA OPP 2019
Later Event: June 7
Gamalostfestivalen i Vik
Les om våre partnarar