Back to All Events

Frå fjell til fjord i verdsarven!

Fresvikjordalen-Dyrdal 17072019 (1).jpg

TURSKILDRING

For at turvandrarar skal få oppleva delar av indrefileten til verdsarven arrangerer me ein tur som går frå det opne høgfjellandskapet i Fresvikjordalen til dei tronge, frodige dalane heilt ned til den veglause grenda Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Me startar å gå rett ved Jashaugbu (949 moh) i Fresvikjordalen. Derifrå går turen innover fjellet mot Fresvikvarden på sti, Styvidalsvatnet og så bratt ned mot Huldabotnvatnet. Deretter forsvinn tråkket når me kjem ned mot Styvisdalen og etter kvart til stølen Hjølmo. Då vert turen langs traktorveg ned mot Dyrdal.

Langs denne ruta får me oppleve mykje; kontrasten mellom høgfjellstølar og dalstølar, spor etter villreinjakt og istider, fjell i bevegelse, imponerande gardar og den hyggelige grenda Dyrdal. Turen byr på særs ulikt underlag; me går på sti, tråkk, ur, sva, myr, lyng, gras, traktorveg og vading over små elvar er forventa.


PRAKTISK INFORMASJON:

Vanskegrad: rød

Fakta: ca 7 timar gange+ pauser, 104 m opp og 1260 m ned

Transport:

7.15 Taxi Gudvangen til Jashaugbu

17.20 Ferja Dyrdal til Gudvangen

Pris: 250 for DNT medlemmar, 450 for ikkje medlemmar, betaling med vipss eller kontant ved oppmøte

Godt å ha med: Gode fjellsko, klede for høgfjellsvær, stavar, gamasjer og niste for lang dag

Earlier Event: August 9
Norsk bringebærfestival
Later Event: September 15
Vandretur: Villrein - vår lokale kultur
Les om våre partnarar