Vossajazz

Vossajazz si helg i år er 12-14.april.
Du kan halde deg oppdatert og finne program på facebooksida deira : Vossajazz
Vossajazz si helg i år er 12-14.april.
Du kan halde deg oppdatert og finne program på facebooksida deira : Vossajazz
Dette kurset passar for deg som likar å vere ute i naturen. Om du vandrar i fjellet eller padlar på fjorden, om du er guide eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute. Kurset gjev deg kunnskap til å kunne hjelpe både deg sjølv og andre dersom uhellet skjer langt frå folk og legehjelp.
Dette kurset er på 80 timar og gjev deg kunnskapen du treng for å kunne hjelpe i kritistiske situasjonar.
For registrering og kursinformasjon kan du kontakte:
info@crossinglatitudes.com
telefon: +46-70-670 1153
Arrangør er NJORD - Seakayak Norway i samarbeid med Crossing Latitudes
Hald kunnskapen ved like! Dette kurset gjev deg høve til å få friske oppatt kunnskapen din om førstehjelp i villmarka. Kurset er for alle som har WFR kurs på minst 70 timar frå før.
For registrering og informasjon, kontakt:
info@crossinglatitudes.com
telefon: +46-70-670 1153
Arangør er NJORD Seakayak Norway og Crossing Latitudes
Dette er eit kurs for deg som likar å vere ute i naturen. Om du går i fjellet eller padlar på fjorden, om du er gude eller berre elskar å vere ute i villmarka, kan uhellet vere ute eller du kan møte nokon som treng hjelp. Då kan dette kurset førebu deg og gi deg kunnskap du treng for å kunne hjelpe - både deg sjølv og andre.
Kurset blir halde på engelsk i Flåm 10-12 mai 2019.
Du kan få meir informasjon og melde deg på her:
info@crossinglatitudes.com
telefon: +46-70-6701153
Arrangør er NJORD Seakayak Norway og Crossing Latitudes
Traseen til motbakkeløpet "Storehaugen Opp" er den gamle stølsvegen til stølen Hognåsen , ein eldgamal stølsveg med gamle og nye stølstufter. Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.
Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigenometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, so me oppfordrar deltakarane til å ta med drikke.
Du kan finne meir informasjon på heimesida: Storehaugen Opp og på facebooksida.
Tradisjonen tru er det Gamalostfestival i Vik i pinsehelga. For informasjon om program og nyhende kan du fylgje festivalen si facebookside
Velkomen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand. I 2019 kan me ynskje velkomen til til Lærdalsmarknad for 39 gongen etter oppattakinga av den historiske marknadstradisjonen i 1982.
Kl. 10.30 - 15.30 begge dagar.
Nærare program og informasjon om transportmoglegheiter vert kunngjort innan 01. mars.
NB:
- Den guida turen på Kongevegen vert arrangert søndagen 16. juni og det vert påmelding til turen.
- Ein må ta med kontantar ved kjøp av mat og drikke i kafeen.
Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ parkforvaltar Gry Mørk
E-post: gry@naroyfjorden.no
Tlf.: 95 14 14 38
Arrangørar:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Nærøyfjorden verneområdestyre
Familien Hov, grunneigar
Festivalen si helg er i år 28-29.juni. Du kan finne oppdateringar og program på festivalen si facebookside: Jordeplerock
Aurlandsmarknaden si helg er i år 5-6.juli. Dei ynskjer velkomne til store og små! Du finn oppdateringar og program på marknaden si facebookside: Aurlandsmarknaden
Fres festivalen si helg er i år 25-27.juli. Du kan finne informasjon og oppdateringar på facebooksida deira: Fres Festival
Bringebærfestivalen si helg er i år 9-11.august. Den går føre seg i Vik i Sogn.
Her blir det kultur, sang og musikk, leikar og aktivitetar, og sjølvsagt bringebær i alle former og variantar.
Du kan halde deg oppdatert på informasjon og program på festivalen si facebookside :
Velkomen til ope møte for alle som er interesserte i Aurlandsdalen.
Torsdag 10. januar 2019 kl 18.30 på Rådhuset i Aurland.
Det er fint om du gjev ein lyd slik at det er nok kaffi og noko attåt til alle!
Kontaktperson: Snædis Laufey Bjarnadottir
telefon: 94 26 93 38 epost: snaedis@naroyfjorden.no
Hjarteleg velkomen!
Frå Jordalen
Det årlege Parkmøte vert for 2018 gjennomført måndag den 29. oktober, kl.10.00 - 15.30. med Fretheim Hotel, Flåm, som møtestad.
Parkmøtet denne gongen vil i stor grad ha form av eit dialog - og drøftingsmøte mellom stiftarane/ styret, parkpartnarane og parkorg.
Parkorganisasjonen vil spele opp ein del tema til orientering og drøfting men vi vil i like stor grad utfordre alle parkpartnarane til å melde opp saker/ tema til møtet.
Kva tenkjer de om å vere partnar til Verdsarvparken, kva er de mest opptekne av no?
Ei slik tilbakemelding ynskjer vi oversendt på post@naroyfjorden.no innan fredag 19. oktober.
Set difor av dagen, meir info kjem etterkvart!
Vi ynskjer velkomne til seminar om skifer- og helletekking laurdag 29.september.
Påmelding innan 25.september til: gry@naroyfjorden.no
Den guida turen i Voss kommune går strekninga Ljosanddalen - Borgarbuvatn - Grånosmyrane - Elvamotet/Svehaugane tur/retur.
Dagstur på ca. 8 timar.
Oppmøte: Ljosandbotn stasjon. Turguide er Helge Titland.
Turdato: søndag 9.september
Meir info kjem!
FOREDRAG OG KURS I TØRRMURING MED HAAKON AASE
Foredrag 5.september* kl. 17.00-21.00
Stad Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland kommune
Program
* Tørrmuring som universell kunst
* Grunnprinsippa for tørrmuring
* Ulike typar mur og bruksområde
* Bruk av stein i (vest-)norsk byggjemåte
* Materialet og verktøybruk
Pris (inkl. suppe, frukt, kaffi/te)
* Student – kr. 150,- * Ikkje-student – kr. 250,-
(*= er obligatorisk for deltakarane på kurset, og prisen for seminaret inngår i kursavgifta.)
KURS 06.-08. SEPTEMBER
kl. 08.00-15.30 alle dagar Stad Bakka
Program
* Praktisk tillemping av prinsippa; band, tverrband og lega
* Legging av bakfyll/innfyll
* Killing og pinning
* Bruk av verktøy og bearbeiding av stein i praksis
* Drøfting og tillemping av prinsipp å fylgja ved restaurering; korleis skilja mellom ulike typar murverk
* Drøfting og tillemping av grunnarbeid, legging av murfot, drenering m.m.
Kursavgift
* Kr. 1700,- (innan kursstart)
* Inkl. lunsj, frukt og drikke alle kursdagar + teorikvelden
Påmelding og info
Påmeldingsfrist: 20. august 2018
Kontakt: e-post: gry@naroyfjorden tlf.: 95 14 14 38
Foto: Hanne Ødegaard
Oppmøte ved Ljøsne skule, kl. 1200. Vi køyrer i lag.
Transport Det er naudsynt med bil med god bakkeklaring. Vegen innover fjellet er stedvis bratt og av dårleg standard. NB: Har de ikkje bil, men har likevel lyst til å bli med? Ta kontakt, så prøver vi å ordne plass til dykk i bilane J
De må ta med soveposar, liggje- og sitjeunderlag, klede til å ute vere i haustfjellet – heile dagen, eigen mat og drikke (vi tek med bålpanner og kaffekjelar), telt (om de ikkje vil sove i lavvo, som vi tek med). fiskeutstyr
De kan ta med fiskeutstyr og fiskekort, kart og kompass, evt. anna. Påmelding innan 22. august.
For informasjon og påmelding, kontakt:
Barnas Turlag i Lærdal v/ Linda Johansen
linda_johansen@hotmail.com tlf: 95 46 53 13
Arrangørar:
Nærøyfjorden Verdsarvpark og Barnas Turlag i Lærdal.
Årdal sau og geit arrangerer tur laurdag 18 august. Start frå Naddvik kl. 09:00. Derfrå vert det felles transport til Filefjell og innover i fjellet. Det vert ein middels tung tur og ein del bratt unnabakke ned att i Naddvik. Turen tek ca. 4 til 5 timar. Det vert fagleg innslag på turen.
Me tek deretter bilane frå Naddvik og køyrer til Ofredal og ned fø sjøen. Der blir det grilling m/tilbehør og det blir dans m/forfriskingar! Me tek sikte på mat kl. 18:00.
NB! ta med deg mat på fjellturen!
De er moglegheit for overnatting ne fø sjøen. Pris på turen inkl. mat om kvelden vert kr 250 per person. Overnatting ne fø sjøen inkl. frukost kr 700 pr. pers.
På melding innan 10 August - ring telefon 41444226
10-12.august kan du oppleve alt dette i Undredal! Norsk-ungarsk festival føregår desse dagande og byr på mange opplevingar for både små og store.
Program finn du her:
Fredag
18 - 20 Danseshow: Duna Folk Band, ungarske og norske dansere
20 - 22 Vinsmaking / Bryggedans
Lørdag
11 - 14 Utflukt til Nedbergo – lunsj, dans og musikk
15 - 16 Norsk – ungarsk litterær workshop
17 - 18 Vinsmaking, gulasj, norske spesialiteter Mesterkurs i gulasj på bål v/ Tamás Horváth
18 - 19 Danseshow med Duna Folk Band og dansere Salg av tombola
19 - 23 Konsert med gruppen Frendar, ungarske Veronika Harcsa og norske Kalandra
Søndag
11 - 12 Barn fra musikkskolen i Aurland spiller
12 - 13 Kirkekonsert i Undredal stavkirke (gitar, fløyte)
Påmelding/info: ungarskfestival@gmail.com, eller mobil 95144481
Turstart og turslutt:
Oppmøte på Engi kl. 10.00 på laurdag. Stopp: Vik 16-17-tida på søndag.
Me organiserer transport ism. turstart/-slutt ved behov.
Påmeldingsfrist: 01. august. Begrensa tal plassar.
Meir info om turen på www.vik.dnt.no
Kontaktperson: Øydis K. Bøtun, tlf. 932 22 274
Arr.:
Vik Turlag, Aurland Turlag og Nærøyfjorden Verdsarvpark
Vi ynskjer velkomen til den tradisjonelle marsjen gjennom den unike Aurlandsdalen frå Østerbø 820 moh til Vassbygdi 83 moh. I 2018 er datoen 29.juli - velkomen!
For meir info: sjå www.aurland.kommune.no
Tur og konkurranseklassar. Løypa går frå Bakka til Rimstigen med ein høgdeskilnad på 725 m og ein lengde på 2,75 km.
Kontaktperson: Olav Terum tlf 99414496
PROGRAM:
FREDAG 27.JULI
Kl. 11.00 Tur til Hovdungo med guide
Oppmøte på Snuplassen. Ta med mat og drikke, det vert servert kaffi og kake på Hovdungo. Klede og sko etter været, ferdsel på eige ansvar.
kr. 100,- per pers. GRATIS for born. Ta med kontantar
Kl. 21.00 Irsk musikk i norsk setting: Killieburne Brae
Inng.bill. kr. 250,-
Arr. Opplev Undredal
LAURDAG 28.JULI
KL. 12.00-17.00 Stølsdag på Langhuso
Sal av mat; grillmat, lappar, kake og kaffi, rømmegraut og mylsa. Aktivitetar for store og små, bli med på natursti og jurklutkasting. Musikkinnslag på selbøen. Opne sel med smaksprøvar.
Åresal med flotte premiar frå; Livets krydder, Undredal Stølsysteri, Explore Undredal, Erna Underdal Skarsbø, Flåm Guideservice, Undredal Fjordkafe og Nærøyfjorden Verdsarvpark.
KL. 21.00 Konsert/dans med "Gamle sanger om igjen"
Musikk: Vintage Company
Inng. Bill.: kr. 250,-
Arr. Opplev Undredal
Du kan kjøpe felles billett for begge kveldane på brygga for kr 400,-
Foto:Bengt Erlend Skjerdal
Den guida turen i Aurland vert ein kultur- og naturhistorisk tur strekninga Myrdal stasjon - Ugjerdsdalen - Kårdalen - Blomheller stasjon.
Varigheit: 3-4 timar
Dato: Søndag 24. juni
Turen passar og for familiar med born (frå ca. skulealder).
Nærare info om tidspunkt, program og påmelding vert kunngjort i løpet av mars.
Kontaktperson: Gry i Verdsarvparken på e-post: gry@naroyfjorden.no eller tlf.: 95141438
Kurset blir på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland måndag 11. juni frå kl.14 til 17.
Kurset koster kr.600.-. Påmelding kan du gjøre her
Elevar ved skulen får 50 % rabatt!
Sjekk: www.godjord.no for mer info.
Hva er biokull?
Biokull er en glemt teknologi fra Amasonas, som ble gjenoppdaget først på 1990-tallet. Teknikken gir en eksponensiell økning i bioaktiviteten i jorda, forbedret jordstruktur og sunnere plantevekst. Den kan sammenliknes med en korallrev, som utgjør en betydelig kilde til bioproduksjon i havet.
Sist, men ikke minst, bruk av biokull kan bli en av de største kildene til karbonlagring.Brenning av kullet må gjøres utendørs. Vi har laga en «flippover» til utendørs bruk med disse temaene, slik at presentasjonen kan foretas nær brenninga. Ved dårlig vær må man ha gode klær. Det blir lite røyk fra denne produksjonsmetoden, så det skulle ikke sjenere naboer.
Nærøyfjorden Verdsarvpark ynskjer velkomen til innføringskurs i vedlikehald av gamle ferdselsårar, som til dømes kløvjavegar.
Tema på kurset vil vere vedlikehald av gamle stikkrenner, steinlagde myrområde, tørrmurar og trinn. Kurset er meint for deg som er eigar eller deg som er engasjert i ivaretaking av kulturlandskapet i verdsarvområdet og innfallsportane rundt, som Aurlandsdalen.
KURSINFORMASJON: Kursinstruktør: Berit Bruvik, frå Berit Bruvik Tørrmuring.
Tid: 8.-10. juni
Fredag: Teorikveld på Rådhuset i Aurland (kommunestyresalen) 18.00-21.00
Laurdag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30
Søndag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30
Pris: 500,-
Servering: Enkel lunsj og kaffemat er inkludert i kurskontingenten.
Ta med: Personleg verneutstyr som hørselsvern, augevern og hanskar, arbeidsklede og gode sko, steinverktøy som steinhammar meislar, sleggje, spedt, spade, krafse osv., drikke og turmiks.
LØP:
START KL. 14.00 TRIMLØP MED NATURSTI
START KL. 15.00 HARDHAUSEN*
Sykkel–rulleski -løp.
Premiering damer og herrar for samla best tid i alle aktivitetar.
START KL. 15.15 BARNELØP
START KL. 16.00 – Motbakkeløp*
God premiering i alle klassar. + beste tid herrer og damer kr.5000
+ ny løyperekord herrer/damer kr. 5000 ( 9.04 J.Tvedt, 10.41 S.Rafaelsen)
Deltakarnummer hentast ved mål på toppen av Stalheimskleiva.
Påmelding til Motbakkeløpet og Hardhausen på www.VossOppturar.no
Meir info: Gudmund Furu tlf 40476414 epost: gudmfuru@gmail.com
Nærøyfjorden verdsarvpark arrangerer denne dagen i samarbeid med med verneområdeforvaltar, SNO, Aurland kommune, næringsliv og frivillige lag. Partnarar av Verdsarvparken er engasjerte; me får god hjelp frå Njord, Kystlaget, Visit Flåm, Vikingvalley, Fjordsafari, Aurland sparebank, Flåm skule, ABU og mange fleire. Ei slik stormønstring vitnar om at mange er opptekne av å ta vare på miljøet og naturen me har rundt oss!
Desse fjordane har verdsarvstatus, og det er difor viktig å ha eit særleg fokus på opplæring og å skape engasjement rundt ivaretaking av naturen og landskapet rundt fjordane. Med aukande besøk og trafikk er det særs viktig å bli medvitne på kva det medfører av auka forsøpling. Me vonar at eit breitt samansett dugnadslag vil gi auka kunnskap hjå mange brukargrupper og at ringverknadene kan bli positive med det resultat at vi får mindre søppel langsmed strendene. Skuleelevane vil plukke søppel over store område denne dagen – både langs strendene og i bygdene. Du kan også gjere ein innsats: plukk søppel i nærmiljøet ditt eller langs vegen du likar å gå tur!
Emblanettverket inviterar til ny næringsdag torsdag 15.mars kl 10-16 i Fretheimsalen, Fretheim Hotell.
Kristin Krohn Devold (NHO Reiseliv)
Vigdis Jordal (Hjertebank)
Remi Solberg (Ordførar Vestvågøy)
Ståle Brandshaug (Visit Sognefjord)
Mads Bækkelund
Påmelding til post@sognefjordennh.no innan 15. mars.
Pris: 850,- kr. Målbedrifter i Sognefjorden Næringshage: kr. 300. Lunsj er inkludert.
Drøs, mat og drikke på Ægir same kveld?
Sei ifrå i god tid, så reserverer me plass til deg kring middagsbordet :)
Du er hjarteleg velkomen - om du kan strikke, eller kanskje vil lære deg kunsten!
Foto: Sverre Hjørnevik
Årets konferanse har fått tittelen: «Verdsarvfjordane - Noregs framtidige, GRØNE FYRTÅRN?» Den 8.-9. februar 2018 arrangerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong GRØN FJORD - KONFERANSEN.
Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?»
Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag!
Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!
NB! Det er begrensa plassar på båten og konferansen, så ver raskt ute å bestille plass om du vil sikre deg deltaking, det kan verte rift om plassane!
Programmet finner du her: fjordsenter.com/wp-content/uploads/2018/01/gron-fjord-konferansen-2018.pdf
Denne gongen får konferansen ei fantastisk opptakt gjennom ein båttur inn fjordane våre: Arrangøren har fått på plass ein avtale med The Fjords, og konferansedeltakarane kan stige om bord i båten «Vision of The Fjords» i Ålesund og bli frakta heilt inn til Geiranger, der hovudtyngda av programmet vil finne stad. Fartyet er ein nyskapar, bygd etter dei nye krava til passasjerfarty med batteridrift (hybrid), og sjølve designet på båten har vekt stor merksemd med sin inspirasjon frå spektakulært fjordlandskap. Fartyet vart kåra til «Ship of the year 2016» på verdas største skipsfartsmesse SMM i Hamburg.
Sjølve konferanseprogrammet vil starte på båten, og her vonar vi òg statsråd Vidar Helgesen vil delta. Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ynskjer m.a. gjennom denne konferansen å ta dei statlege ambisjonane for verdsarvområda på alvor: «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga»1 .
Under årets konferanse vil deltakarane òg få grundigare innblikk i dei tiltaka Sjøfartsdirektoratet tilrår at det arbeidas vidare med for å få meir miljøvenleg ferdsel på fjorden, og vi utfordrar fagmiljø, forvalting og politikarar til å seie noko om korleis vi i praksis kan nå dei statlege ambisjonane for verdsarvområda. Eit svært spanande program er under oppsegling, og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vonar flest mogleg prioriterer å delta på Grøn fjord-konferansen 2018. Den vert garantert makelaus!
Komplett program er snart tilgjengeleg. Det vert opna for påmelding med det fyrste.
For meir informasjon – kontakt: Merete Løvoll Rønneberg, fungerande dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Mobil: 99 37 65 85 Mail: merete@verdsarvfjord.no
Innovasjon Norge inviterer til informasjonsmøte i Sogndal og Innvik. Her vil du få informasjon om tilskot til investeringar i landbruk og hagebruk. Målgruppe er gardbrukarar som ynskjer å søkje om støtte i 2018, men møtet er ope for alle.
Sogndal: 31. januar kl. 19.00 Stad: Kommunestyresalen, Sogndal kommune
Innvik: 5. februar kl. 18.00 Stad: Innvik fruktlager
Vel møtt!
Reduksjon av klimaavtrykk i Norsk landbruk er tema for seminaret på Skei 28.november 2017. Arrangør er Sogn og Fjordane Landbruksselskap og seminaret går føre seg på Thon hotell Jølster, Skei.
Målgrupper :
Bønder, forvaltning, rådgjevarar, politikarar og alle andre som er opptekne av utviklinga i landbruket Påmelding: 22. november
Program og informasjon finn du her :
Kulturminnekveld på biblioteket:
Ei historisk reise i Aurlandsdalen
Torsdag 16. november kl 18.30
Svein Indrelid: Samkvem mellom aurlendingar og holingar i eldre tider, og driftehandelen.
Morten Clemetsen: Kulturminne i Aurlandsdalen, notid og framtid.
Ope for spørsmål og diskusjon i etterkant.
Det blir enkel servering.
Alle er velkomne!
Arr: Aurland Sogelag og Aurland kommune
PÅMELDING|AURLAND KOMMUNE
Send påmelding til Inge Håvard Aarskog, næringssjef i Aurland kommune på e-post: iha@aurland.kommune.no
Frist: Torsdag 18. oktober 2017
For meir informasjon kontakt Inge Håvard Aarskog i Aurland kommune.
Mob: + 47 94801823. E-post: Inge.Havard.Aarskog@aurland.kommune.no
eller Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Tlf.: + 47 57638118. E-post: Mona.Elisabeth.Steinsland@sfj.no
Program for symposiet finn du her:
Saklista vil elles ta opp til drøfting og innspel fylgjande tema:
Køyreplan for å handtera akutte naturhendingar.
Levande landskap i Aurlandsdalen.
Samband? Samarbeid? Aust/Vest.
Parkering - kva er status, evt. kva treng vi?
Ymse.
Ta med engasjement, kreativitet, tankar, innspel, løysingsforslag, praktisk erfaring, nyfikne og arbeidsglede.
Vel møtt!
Tid: 19. oktober
Kl: 18.00-20.30
Stad: E-CO sitt administrasjonsbygge i Vassbygdi
Me går gjennom fleire stølsområde, flott kulturlandskap og på gamle ferdslevegar mv.
I Jordalen går me den nyskilta Gamlevegen frå Nåsen (Nosi) og fram til skulehuset, der me får servert suppe og høyre om Jordalen Grendalag sitt arbeid for å styrke og utvikle bygda si.
Turen går for det meste på grusveg og fin sti med moderate stigningar. Distansen er 15-16 km.
Guide på turen er Kari Mørkve Jordalen i lag med repr. for Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Turen er den 3. av årets guida turar i verdsarvkommunane i regi av Verdsarvparken, og er startskotet for vår markering av Dei norske kulturminnedagane 2017.
Praktisk informasjon:
- Ha med sitjeunderlag og høvelege turklede. Joggesko el lette tursko er tilstrekkeleg i tørt vær.
- Ha med drikke og matpakke.
- Pris pr. vaksen: kr. 150,- (dekkjer mat, guiding og evt. skyss)
- Pris pr. born (6-16 år): kr. 50,-
- Oppmøte: Stalheim
Påmelding innan torsdag 05. oktober 2017.
Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ Gry Mørk
- tlf. 95 14 14 38
- e-post: gry@naroyfjorden.no
Program:
• Aktuelle tilskotsordningar (Norsk Kulturminnefond, tilskot til kulturminne på verdsarvlista, UNI, m.fl .)
• Kva er ein god søknad og kva er ein god rapport?
• Erfaringsdeling
• Hjelp til arbeid med eigen søknad/rapport
• Enkel servering
Målgruppe: Eigarar/forvaltarar av eldre bygningar og andre kulturminne, private og offentlege.
Påmelding innan 3. oktober. Kontakt tlf.: 951 41 438/e-post: gry@naroyfjorden.no
Håndverksinstituttet fyller 30 år, dette blir markert i samband med Løfte håndverkets høstsamling. LØFTE HÅNDVERKET er interessenettverk for organisasjonar, miljø og enkeltpersonar som jobbar for å verne om tradisjonelle håndverksfag.
Fredag 22.september startar markeringa med samling og program som du kan lese meir om her: Invitasjon jubileumsseminar
Laurdag 23.september held markeringa fram med spanande seminar som du kan lese meir om her: invitasjon seminar .
"Som en del av markeringen har vi invitert fire av instituttets tidligere håndverksstipendiater innenfor området bygghåndverk, til å dele noen av sine erfaringer med bygningsvern. Alle fire har på hvert sitt vis preget arbeidet med restaurering og utforskning av håndverksprosesser i Norge etter avsluttet stipendiatperiode."
Begge dagane foregår på Maihaugen, Lillehammer.
Kurset vil ha eit generelt fokus på dei skadar som kan opptre i samband med gamle bygningar, med særleg fokus på forholda som gjeld for skader på Vestlandet generelt og i Sognefjorden/ dei indre fjordstrøk spesielt: Ulike typar sopp og skadeinsekt (herunder husbukk).
Kurset finn stad på Otternes Bygdetun i Aurland kommune, og er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Stiftinga Otternes Bygdetun.
Kurset kostar kr. 500,- (inkl. lunsj, kaffi/te og frukt).
Dette kurset er eitt av tre arrangement som Verdsarvparken held for å markere Dei norske kulturminnedagane 2017.
Påmelding innan: 6. september 2017
Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ Gry Mørk
tlf. 95 14 14 38
mail: gry@naroyfjorden.no
“Ein moderne landhandel”, som forsyner dei fastbuande med det viktigaste til dagleg og opphald. For tilreisande er butikken “ei spanande skattekiste” der ein sjølvsagt òg kan få den lokale kvite og brune geitosten og geitepølsa. Dessutan kan ein finne eit eller anna minne frå opphaldet i Undredal.
landhandel med gardsmatutsal
• brun og kvit geitost som spesialprodukt
• spekepølse annan gardsmat (lokale spesialitetar frå store deler av landet)
• grossist leverandør til butikkar, hotell og restaurantar
• nettbutikk med lokale gardsmatprodukt
• kort veg frå kai og parkering
Øybøen Hostell ligger på en familiegård i Fresvik, like utenfor Nærøyfjorden verdsarvpark. Vertene, Knut Olav og Faith er et internasjonalt ektepar med to barn. På Øybøen kan du oppleve hesjing på gamlemåten, selvplukk av bringebær og lett tilgjengelige turløyper som er godt merka, med fantastisk utsikt over sognefjorden. I hostellet er det 10 soverom, to bad, felles kjøkken, stove og ein liten resepsjon med suvenir butikk. Her er det salg av gardsprodukt. Små rom med stor utsikt. Rolig atmosfære, frisk luft og spennende utflukter venter deg.
Aurland barne- og ungdomsskule.
Skulen ligg i hovudsoknet i Aurland med Sogn jord- og hagebruksskule som nærmaste nabo.
Skulen har elevar frå 1. til 10. klasse. Me ønskjer å bruka heile kommunen som klasserom. Difor har me laga ein entreprenørskapsplan, Levande skule, med faste opplegg der me samarbeider med ulike, lokale organisasjonar og bedrifter, slik som Nærøyfjorden verdsarvpark.
Amlabukti grendalag
Amlabukti grendalag er eit grendalag for området rundt Amlabukti i Sogndal kommune. Området omfattar m.a. grendene Øvre og nedre Amla + «gamle Kaupanger» (Kaupanger Hovedgaard + Kaupanger stavkyrkja + Kaupanger ferjekai.
Grendalaget sitt føremål er å arbeida for fellesinteresser i området , både fysisk, kulturelt, økonomisk og sosialt.
Mellom anna vil me hindre og få slutt på miljøforureining på alle plan, slik at det framleis blir trivelig å bu og leva her.
Grendalaget er eitsamarbeidsorgan /felles talerøyr i saker som angår grendalaget sine medlemer når ein vender seg til kommunen og andre offentlege og private instanser.
I 2008 – 2010 deltok vi Fylkesmannen sitt bygdeutviklingsprogram. Ei god koordinering av kommunal planlegging, offentlege tilskotsordningar og ein stor dugnadsinnsats (i samarbeid med andre lokale organisasjonar) har m.a. ført til ei “oppshining” av ferjekaien + området rundt.
Aurland Turlag – laget som går.
Me har turar både sommar og vinter frå fjord til fjell. Haust og vår er onsdagsturane populære. Det er kortare turar på kveldstid, og dei blir gjerne lagde rundt om i dei ulike bygdene. I tillegg har vi Barnas Turlag som har leik og moro, turar og friluftsliv for born opp til 13 år.
Erna Underdal Skarsbø produsera brimost på tradisjonelt vis frå Stølen Langhuso i Undredal. Der er ho frå 25. juli til ca. 30. september. Der kan enkeltpersonar ta turen innom for å smaka på fersk brimost eller kjøpe med deg ein bite. Ho sel òg geitepølse laga frå eigne geiter, (produsert på Evanger pøsefabrikk). Grupper må tinge på førehand. Erna tek og imot bestillingar på ost før 25. juli, den vert då laga på bestilling.
FjordSafari RIB båtturar.
Guida aktivitetar utandørs som vandring, sykling, teambuilding, kombinert med lokalmat opplevingar.
Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCO Verdsarvliste 14.juli 2005 under UNESCO sitt 29. komitemøte i Durban, Sør-Afrika.
Østerbø Fjellstove ligg 820 m.o.h. like ved Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen og er eit utmerka utgangspunkt for korte og lengre turar i den vakre Aurlandsdalen. Fjellstova har òg røter attendes til 1600-talet, med bygningar og spor etter lafta bygg frå 1740-tallet.