Verdsarvparken

Nærøyfjordområdet – det sørlege av dei to delområda av verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap – ligg i regionalparken Nærøyfjorden Verdsarvpark. Verdsarvparken omfattar forutan sjølve verdsarven også tilgrensande område og bygdelag i verdsarvkommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss. Den samlar ulike aktørar til felles innsats for ei berekraftig forvaltning av parkområdet.

Status som verdsarv inneber eit ansvar og ei forplikting om å ta vare på dei unike verdiane som finst nettopp her. Einskilde personar, verksemder, lag og organisasjonar, forvaltning og parkadministrasjonen samarbeider for at dei stadeignenatur- og kulturverdiane skal oppnå ei høgare verdsetjing og bidra positivt i verdiskapinga i lokalsamfunna og regionen som heilskap. I Nærøyfjorden Verdsarvpark dyrkast møta mellom landskap, kultur og menneske gjennom det gode vertskapet, unikt mathandverk og spektakulære, miljøvenlege turopplevingar. Utviklingsarbeidet skjer gjerne i tverrgåande nettverk, t.d. kompetanse- og næringsnettverk, som bidreg til avgjerande nyskaping og attraksjonskraft for regionen. Verdsarvstatusen inneber store moglegheiter til å skape engasjerte, livskraftige lokalsamfunn for dei som vil, og parkorganisasjonen spelar ei sentral rolle i å leggje til rette for at dette skal skje.

Verdsarvparken blei skipa som stifting i 2008 av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar. Parkorganisasjonen blir leia av eit styre, men har ein dagleg administrasjon og eit feltapparat som jobbar med konkrete prosjekt og tiltak innan hovudsatsingsområda: primærnæringane, natur- og kulturbasert næringsutvikling, stadformidling, vertskapsutvikling og læring, skjøtsel av kulturminne og kulturlandskap, tilrettelegging for ferdsel, samt styrking av felles identitet og merkevare. Parkorganisasjonen prioriterer å nytte ressursane på gode samarbeidsprosjekt som skaper positive ringverknader for partnarane og andre.

Informasjonsheftet for Nærøyfjorden Verdsarvpark finn du her. 

Les om våre partnarar