Velkomen til Undredal – midt i verdsarven

Undredal er ei særprega og koseleg bygd midt på fjordstrekningen mellom Flåm og Gudvangen. Kun 10 minuttar køyring med bil frå Flåm. Husa tett i tettsom ein landsby.  Undredal er i dag vidt kjend for stavkyrkja og for den kvite og brune Undredalsosten. At bygda har heilårsopen butikk med post gjer at du møter ei pulserande bygd med møteplassar og eit sosialt liv heile året. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggjarane i Undredal meir isolerte og måtte dra sjøvegen om dei skulle ut av bygda i ærend. Undredal stavkyrkje erbygt rundt 1147 og fyrste gong nemnd i eit kyrkjebrev frå omkring 1320. Undredal er i dag takka vere oppsvinget etter vegutløysinga eit aktivt og levande lokalsamfunn som søkjer å ta vare på kvalitetane som ligg i Verdsarvstatusen og utvikle ny næringsaktivitet.


Opplev Undredal – Finn butikk, overnatting og Undredalsost på www.visitundredal.no

Telefon +47 95137403.  E-post: info@visitundredal.no

 

Banner.jpg

Undredal Stølsysteri – ysteriet midt i verdsarven

Ost er mjølk i fast form, og ein av mange måtar å konservere råvarer på. Undredal fekk ikkje vegsamband med resten av kommunen før i 1986. Difor har tradisjonen med geitehald og ysting på stølen overlevd industrialiseringa, i motsetnad til mange andre stader i landet.

Me bruker mjølk berre frå våre eigne geiter, og me varmebehandlar (pasteuriserer) ho ikkje. Me ystar med fersk mjølk, dvs frå same dag og kvelden før.

Me lagar Brun Undredal, ein brun geitost med inntil 7 % kufløyte, og Kvit Undredal, ein kvitost med 100 % geitemjølk. Kvitosten får du som nylagra (om lag 2 mnd), mellomlagra (4-5 mnd), vellagra (6-12 mnd) og eldgamal (meir enn eitt år).

Sjekk www.undredalsost.no og Facebook: Undredal Stølsysteri for fleire opplysningar!


Undredal Gjestestova

Servicebygget Gjestestova - har romsligetoalett og dusjfasilitetar anten du kjem med bil, båt , til fots eller med kajakk.
Gjestestova har 3 attraktive leilegheiter for utleige (UNDREDAL GJESTEHUS) i andre etasje.

For booking klikk følgjande lenke: www.flåm.no  og velg Undredal Gjestehus. 

Eller ring mob. 0047 95297668.


Undredal Stavkyrkje. Undredal Stavkyrkje er open for omvisning frå 1 juni til 10 august. Elles etter avtale.  For meir informasjon sjå www.undredal-stavkyrkje.com .For å tinge omvisning, kontakt oss på post@undredal.no . Lik oss på Facebook Undredal Guideservice.


Undredal Ungdomslag. Eit lokallag under Noregs Ungdomslag basert i Undredal i Aurland Kommune. Laget står for mykje forskjellige aktivitetar og festar. Lenkje til nettside: Undredal Ungdomslag


Undredal Tredreieri - Edvin Flåm. I Smihola, fremst i bygda held Edvin Flåm til. I verkstaden sin skaper han dei vakraste arbeid av tre. Edvin tilbyr eit stort utval i turkoppar, skåler, krukker og andre produkt veleigna til gåver eller premier. Alt er handlaga av tre frå området.  Telefon: +47 95278225. E-post: edvin.flam@alb.no. Les meir: klikk her


Erna Underdal Skarsbø - er fjerde generasjons bonde og osteprodusent ved familegarden Underdal. Ho har som mål å ta vare på tradisjonen og kunsten med osteproduksjon, og å vera ein tradisjonsberar av kunnskapen Erna lærde av mora Lovise Underdal. På stølen Langhuso produsera og sel Erna Brimost, Kjeskinn og Geitepølse produsert på Evanger pølsefabrikk av kjøt av eigne geiter.

Ta gjerne ein tur innom for ein smak og litt historie.

Besøk oss på facebook. 


Ystebui er Pascale Baudonnel sin butikk for gardsysteren og leverer kulturer, former og anna ysteutstyr over heile landet.

Det meste vert sendt i posten men det er også råd å få ekspedering i Undredal om ein varsler i god tid. Bestillingar vert tekne imot på e-post: ystebui@gardsost.no og varene vert sendt tysdagar.

For prisliste sjå http://norskgardsost.blogspot.no/p/info-for-produsentar.html


Underdølen er eit blad som kjem ut to gonger for året.

Du kan bli abbonent ved å sende ein e-post til post@undredal.no.

Pris for innanbygds abbonentar er kr.100,. Pris for utanbygds abbonentar kr.150,-
Last ned eldre utgåver her:

Juli 2010
Desember 2010
Juni 2011
Desember 2011

Les om våre partnarar