Styvi

Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige landskapsvernområde frå Styvi til Holmo i 1991.

Gardsnamnet Styvi

Av Oluf Rygh sin «Norske Gaardsnavne» kan vi lese at Styvi har vorte skrive på mange vis opp gjennom tidene: Styffuenn i 1563, Stiffum i 1603, Stiffuenn i 1611, Stiffue i 1667 og Stive i 1723. Slik Rygh tolka det er namnet samansett av stúfr- (=stump) og -vin (=grasslette), som tyder «Stubbe af et Træ». Andre namneforskarar meiner at namnet speglar topografien på garden, med dei smale, lange markene.

Forhistorisk tid på garden

På museet på garden finst det forhistoriske økser, både ei i stein og ei av jern. Elles finst det eitt fast fornminne som vitnar om forhistorisk tid på garden. Dette er et stor gravrøys på 15 meter i tverrmål, 1,5-2 meters høgd, og ei stor grop i midten som kjem av graving. Ei segn seier at rikdommen på garden Tufto kjem frå denne røysa, utan at dette verker særleg sannsynleg. Røysa ligg svært eksponert med godt utsyn over fjorden på det flate neset på Holmo. Denne plasseringa, kan vitne om eit ynskje om kontroll over fjordleia, og er karakteristisk for røyser som er bygd i bronsealderen (1800-500 f.Kr). Ettersom nokre rustklumpar er det einaste som er bevart frå gravinga kan vi ikkje vere sikre på dateringa av røysa, men ho vitnar uansett om busetting ein plass i nærområdet i bronse- eller jarnalderen.

Frå eitt til to bruk

Det er grunn til å tru at Styvi har vore busett før Svartedauden, og at garden vart rydda av folk frå Dyrdal. Dette kan forklare kvifor Styvi har stølsrett på Dyrdalssida av fjorden. Etter pesten vart garden rydda på nytt i 1530-40 åra. Frå dette tidspunktet og fram på 1700-talet vart garden meir og meir oppdyrka og fekk med dette høgre landskyld, eit mål på storleiken til garden. I 1763 vart garden delt i to bruk, truleg fordi tilhøva på garden var såpass gode at den kunne fø to familiar.

Postbøndene

Då postvesenet i Noreg var skipa på 1660-talet, vart det oppretta postrute mellom Bergen og Oslo, omlag på same ruta som stamvegen går i dag, med unntak av tunnelane mellom Gudvangen og Lærdal. I dei delar av året då fjorden var isfri, gjekk posten med båt mellom Lærdal og Gudvangen. Dersom isen la seg gjekk derimot ruta langs vegen frå Gudvangen til Bakka, over isen frå Bakka til Bleiklindi og derfrå langs postvegen til Styvi. Frå denne tida er det bevart ein spesiallaga farkost, ein blanding av ein båt og ein slede, som i dag er utstilt på Styvi gardsmuseum. Den 5,5 km lange vegen blei på den måten ein sentral del av postvegen mellom Bergen og Oslo, og er framleis bevart i form av ein gang- og kløvjeveg. Vegen er no restaurert og er blitt ei populær turrute.

Landskapsvernområde

Den 18. oktober 1991 oppretta Direktoratet for naturforvaltning landskapsvernområdet Styvi-Holmo, basert på det særprega og godt bevarte kulturlandskapet, vegetasjonen og den gamle postvegen. Området rundt Holmo vert rekna for å vere av særs stor verdi med lauvenger, styvingstre og stølsmiljø med bygningar. Postvegen er òg eit viktig element i landskapsvernområdet. Han fylgjer strandlina langs fjorden og er bygd opp ved hjelp av steinmurar og boltar. Murane tek seg godt ut frå sjøen, men er stadig truga av utvasking grunna bylgjene frå dei store båtane på fjorden. Dette fører til årleg behov for vedlikehald. For å minske faren for utvasking av murar og strender generelt, er det sett ned ei øvre fartsgrense på fjorden. Innanfor verneområdet ligg også Nisedalselvi som er verna mot kraftutbygging.

Gardsmuseet

For Botolv og Kjellaug Hov, som eig og skulle drive garden vidare, var verninga av området til stor frustrasjon. Samstundes som vernet la store avgrensingar på bruken, fanst det ikkje ordningar for erstatning for tap av inntekt. Heldigvis gav dei ikkje opp.

Etter opprettinga av landskapsvernområdet gjekk bruken av postvegen som turrute kraftig opp, samtidig som det stadig kom fleire turistar på besøk til Styvi. I 1993 opna gardfolket eit eige gardsmuseum og kafé. I kafeen får dei besøkande m.a. servert dei etter kvart vidgjetne vaflane til Kjellaug Hov. Museet inneheld ei stor samling av reiskap og gjenstandar som fortel om livet på garden i eldre tider. Botolv Hov beherskar sjølv gamle handverk som t.d. spinning av tau av lindebast, produksjon av hornskeier og smiing av bjøller til husdyr. Han brenn kraftig for å føre desse gamle handverkstradisjonane vidare.

Les om våre partnarar