Gudvangen

Bygda Gudvangen Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine overnattingsmoglegheiter, skysstasjon og handel.

Den eldste garden i bygda

Ved å sjå på topografi og arkeologiske funn, kan vi gjere oss opp ei meining om kva som må vere den eldste garden i bygda. Mykje av området består av dalbotn på sidene av den store Nærøydalselvi. Med tanke på sollys og flaum ville ikkje dette vere den beste plassen for permanent busetting langt tilbake i tid. Ser ein derimot på garden Ramsøy, ligg denne på ei terrasse i landskapet, og kan seiast å ha den beste utsikta mot fjordbotnen. Då er det kanskje ikkje tilfeldig at det er her det eldste funnet kjem frå, ei vestlandsøks av svart basalt som kan daterast til yngre steinalder.

Postrute og masseturisme

Då statthaldar Hannibal Sejerstedt i 1647 opna postruta mellom Bergen og Oslo, vart det bygd gode vegar både over Lærdal og Filefjell, og mellom Gudvangen og Voss. Som resultat vart Gudvangen eit viktig knutepunkt i trafikken mellom Aust- og Vestlandet. I 1734 gav kongen privilegium til å drive gjestgjevarstad og handel på staden, og snart overtok Gudvangen denne rolla frå Arnehus i Dyrdal. Då jernbanen mellom Bergen og Voss opna i 1883, oppstod det ei merkbar auke i denne trafikken. Som resultat utvikla det seg ein turisme i Gudvangen som kunne stå på eigne bein. Frå englandsbåten som la til i Bergen, vart turistane skyssa med Fylkesbaatane inn i fjordane, dersom dei ikkje fylgde eigne turistskip. I Gudvangen kunne opptil 200 hestekjerrer stå klare til å ta imot reisande som skulle vidare til Stalheim, Voss og Hardanger. Mange bønder gjorde gode pengar på denne skyssen.

Byggjeskikken på tettstaden

På 1800-talet førde massane av turistar til at det vart bygd fleire hotell og andre bygningar i sentrum av Gudvangen. Den intensive byggjefasen gjer at staden har eit einskapleg og tydeleg 1800-talspreg, der sveitserstilen gjer seg særskild gjeldande. Som eit klårt bilete på dei omveltingane som gjekk føre i seg i høve til utviklinga av turismen på 1800-talet, vert tettstaden rekna som eit kulturmiljø av stor verdi i fylket. Eit framståande døme på sveitserstilen er Vikingvang hotell, som består av ein hovudbygning bygd i 1870-80, med eit påbygg frå 1890-åra. To av dei gamle gjestgjevarstovene frå Arnehus vart kjøpt på auksjon i 1739 og gjenreist på Gudvangen. Dei vart i ei tid nytta som anneks til hotellet.

Bygda i dag

Gudvangen er i dag ei levande bygd med omlag 90 innbyggjarar. I tillegg til den tradisjonelle landbruksnæringa livnærer innbyggjarane seg av handel og industri, men framleis fyrst og fremst av turisme. I tillegg til hotell og campingplassar, er det som ein del av satsinga på turisme sett i gang ei etablering av ein vikinglandsby, der vikingmarknaden står som ei viktig årleg hending. I samband med vikingprosjektet er det òg bygd ein fri rekonstruksjon av eit vikingskip, funne på Fjørtoft på Sunnmøre. Skipet blir brukt av vikinglaget til turar på fjorden, og er i tillegg meint som eit tilbod til turistar. Sett bort frå turismen ligg det òg store verdiar i førekomstane av anorthositt i området mellom Gudvangen og Mjølfjell. Anorthositten inneheld aluminiumsoksid, som er eit viktig råstoff i aluminium produksjonen, og vert elles nytta i sprengstoff, kunstgjødsel og i målings- og papirindustrien. Førekomsten har vore kjend sidan tidleg på 1900-talet, og lenge har det vore planar om bergverksdrift i stor skala. I 2005 vart det teke ut nær 200 000 tonn stein som vart eksportert og nytta m.a. til framstilling av isolasjonsmateriale.

Utvinninga av anorthositt kan m.a. vere med på å skape fleire lokale arbeidsplassar. Samstundes ligg det ei stor utfordring i samspelet mellom bergverksdrifta og dei målsetjingane UNESCO-statusen fører med seg for området.

Les om våre partnarar