Geologiske verdiar

Geologisk kan området klassifiserast som eit særs velutvikla klassisk fjordlandskap.

Landskapet er eit ungt, og geologisk aktivt, glasialt landskap. Geomorfologisk er området særprega. Både fjordane sjølve og mange sidedalar utgjer gode døme på typiske isbreforma U-dalar, mellom sidedalane er det òg klassiske ”hengande sidedalar”.

Store delar av berggrunnen i området høyrer til Jotundekket. Store flak av grunnfjellsbergartar vart skuva saman og omdanna til gneis, gabbro, mangeritt og anorthositt under den kaledonske fjellkjedefoldinga. Desse bergartane er næringsfattige og harde bergartar. Dei la seg oppå yngre, fyllittiske bergartar.

Anorthositt er ein omdanna størkningsbergart som er bygd opp av mineralet feltspat. Dette er ein veldig lys bergart og kjem fram i terrenget i form av lyse gråtonar på snaufjellet. Dette kjem særleg godt fram i Bleia – Storebotn området der anorthosittiske bergartar dominerar. Eit blikkfang er òg Kvitmålane under Skomakarnipa i inngangen til Nærøyfjorden og innover mot Dyrdal. Her lyser den kvite, steile bergveggen mot alle som kjem utover frå Aurland. Anorthositt har kommersielt interessante eigenskapar. Dei viktigaste førekomstane som kan vere av næringsinteresse finn ein i eit større område kring Jordalsnuten, og særleg aust for Nærøydalen.

Ved Bleia er fjordlandskapet spesielt storfelt. På nordsida finn ein det største samanhengande relieffet i Sognefjorden, frå fjordbotnen (1000 m djupt) til toppen av Bleia (1717 moh). På nordsida av Bleia dannar ravinar og ryggar uvanleg storslegne, særmerkte formar. Dei kvartærgeologiske prosessane er her særs aktive. Topplatået av Bleia og fjellområda sørover er restar av det gamle slettelandet (peneplanet). Dei representera soleis landformene frå før istidene.

Dei bratte fjordliene gjev rike moglegheiter for å studere kvartærgeologiske fenomen som faste skredfar og raskjegler og årvisse snøskred. Inste- og Ytste Drøfti på nordsida av Bleia er dei mest markerte og særmerkte skredfara i planområdet. I Nærøyfjorden utgjer Breidskrea utom Bakka og eit markert stor skredfar like ovanfor Styvi gode døme. I Bleiaområdet, ovanfor Revsnes, trer det fram tydeleg spor etter eit større fjellskred.

Inst i dalføra finn ein gjerne markerte botnar. Her ligg ofte små vatn danna av botnbrear som har skura seg nedover i berg-grunnen. Eit særleg godt døme finn ein i Huldabotnen inst i Styvisdalen og Undredalsvotni aust for Skammadalshøgdi.

Innanfor verneområda finn ein både større brear og mindre ”evige” snøfonner. Den største breen er Fresvikbreen (1648 moh) på vestsida av Nærøyfjorden. På austsida ligg den mindre breen Syrdalsbreen (1761 moh). På austsida av toppen av Bleia (1717 moh) ligg òg ein liten bre. Nær Fresvikbreen, og i fjellområdet mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden finn ein òg fleire småbrear og evige fonner. Breidskrea utom Bakka er eit mektig døme på aktive geologiske prosessar i Nærøyfjorden.

Dei store fossane inst i Nærøydalen, Sivlefossen og Stalheimsfossen er kjende attraksjonar. Mindre kjend er fossen i Vetlahelvete, gjelet som kjem ned frå Jordalen. Alle desse er døme på større elvar som tidlegare rann mot Voss. I heile Nærøyfjorden kastar 25 fossar seg utfor. Kjelfossen med 150 m fritt fall og 840 m totalt fall har det 18. høgste totale fallet i verda. Etter at bre-isen forsvann, er det i kvartærgeologisk samanheng mykje det frie vatnet i elvar og bekkar som formar landskapet. At det finst heile vassdrag utan inngrep, der erosjons- og landformingsprosessane går naturleg, er unikt. Vassdraga Undredalselvi, Dyrdalselvi, Kolarselvi (Nordheimsdalen), Nærøydalselvi (med unntak av sideelva Jordalselvi), Nisedalselvi, Vossovassdraget og Flåmselvi i området er verna mot kraftutbygging.

Les om våre partnarar